Førre side:
Kjende personar i Naustdal fødde år 1900-1930
|
Kjartan Slettemark |
f. 1932 i Naustdal. Biletkunstnar og performanceartist.
f. 1937 på Kvellestad i Vevring. Lærar, busett i Holmedal.
f. 1936 i Naustdal. Hotelldirektør i Loen og politikar.
Sara Thingnes
f. 1937 i New York, busett i Vevring. Biletkunstnar og ein av skiparane av
Vevringutstillinga i 1979. Utdanna ved kunstakademi i Noreg og Amsterdam. Delteke i Distriktsutstillinga for Sogn og Fjordane sidan 1981, og i fleire kollektivutstillingar i Noreg, Nederland og USA. Separatutstillingar i Florø og Amsterdam.
f. 1938 på Herland. Vaks opp i Naustdal og er busett i Førde. Biletkunstnar, forfattar og songar.
f. 1938 i Naustdal, busett på Jessheim. Komponist.
Einar Eimhjellen
f. 1938 i Naustedalen. Jordbrukssjef i Naustdal. Tok i 1968 initiativet til skiping av Naustedalen Spelemannslag, og har vore leiar av laget i mange år. Har gjort eit stort arbeid med innsamling av slåttar og opplysningar om spelemenn frå Sunnfjord – også i det norske miljøet i Amerika.
Marit Thingnæs
f. 1938 i Vevring. Biletkunstnar. Delteke i Distriktsutstillinga for Sogn og Fjordane sidan 1991, har vore m.a. representert på Vestlandsutstillinga, Sogn og Fjordane Kunstnarsenter og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Syster til
Svein Thingnes.
f. 1940 i Vevring. Kunsthandverkar.
f. 1940 i Naustdal. Lyrikar, og sidan 1997 professor ved forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark.
Leif Magne Apneset
f. 1941 i Vevring. Vektløftar, som på 1970-talet tok 4 NM-titlar i vektløfting og 5 NM-titlar i styrkeløft.
f. 1942 i Naustdal. Friidrettsmann, Senterpartipolitikar og kultursjef i Førde.
Oddbjørn Schei
|
Oddbjørn Schei |
f. 1943 i Naustdal. Sjukehusdirektør og Høgre-politikar. Var banksjef ved DnB Førde og økonomisjef ved Sentralsjukehuset frå 1991 før han vart direktør for Sentralsjukehuset 1995-2002. Frå 2002 prosjekt- og eigedomsdirektør for Helse Førde.
Har vore ordførar i Naustdal 1980-1984, og medlem av fylkestinget for Høgre.
f. 1944, frå Naustdal. Fødd i Sande, Sunnmøre. Kraftverksdirektør og Høgre-politikar.
Oddbjørn Jonstad
f. 1944 i Naustdal, busett i Oppegård. Som lokal partileiar for Framstegspartiet i Oppegård kommune vekte Jonstad stor oppsikt då han gjorde framlegg om at alle asylsøkjarar som innvandra til Noreg måtte internerast i eigne leirar. Vart for dette ekskludert frå Framstegpartiet.
Kjellbjørg Lunde
f. 1944 i Naustdal. Lærar og SV-politikar. Busett på Stord, og frå 1981 til 1997 stortingsrepresentant for Hordaland. Parlamentarisk leiar 1993-1997. Tilsett som utdanningsdirektør i Hordaland frå 1997. Utnemnd til leiar i Kringkastingsrådet i 2001.
f. 1945 i Naustdal, busett på Hardbakke sidan 1969. Lærar, biletkunstnar og fotograf.
Hans Sande
f. 1946, oppvaksen m.a. i Naustdal, Førde og Breim, Psykiater og forfattar som har gjeve ut diktsamlingar, romanar og fleire barnebøker.
Arild Stubhaug
f. 1948 i Naustdal. Lærar og forfattar som m.a. har gjeve ut fleire diktsamlingar på Samlaget og Aschehoug.
|
Magnar Falkenstein. |
Magnar Falkenstein
f. 1950 i Vevring. Bonde og lærar. Formann i Sogn og Fjordane Bonde- og småbrukarlag og fylkeslaget av AKP (m-l) på 1980-talet.
f. 1952 på Åmdals Verk, busett i Naustdal. Lærar, journalist, forleggjar og politikar.
Magni Øvrebotten
- sjå "
Kjende personar i Bremanger".
f. 1954 i Naustdal, busett i Førde. Tekstilkunstnar.
|
Åse Kari Einevoll er mest kjend som ordførar i Balestrand. |
Åse Kari Einevoll
f.1957 i Naustdal, busett i Balestrand. Hjelpepleiar og Venstre-politikar. Medlem av kommunestyret sidan 1988, og vart vald til fyrste kvinnelege ordførar i Balestrand i 1995. I 2002 vart ho vald inn i Venstre sitt landsstyre.