SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Hyllestad:

Harald Risnes

Harald Risnes (1914-1967) frå Skifjorden. Offiser; kaptein under andre verdskrig. Best kjend som sjef for heimestyrkane "Bjørn West" i Matrefjella dei siste månadane av krigen.

Publisert 26.10.2001 15:03. Oppdatert 06.01.2004 10:57.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Risnes fekk utdanning på underoffiserskulen og politiskulen og var tilsett ved Bergen politikammer då krigen braut ut i 1940. Drog i 1941 til England med ein motorbåt frå Kinn.

Med under Måløy-raidet

I England vart han nestsjef for det norske kompaniet av commandosoldatar og fekk løytnants grad. Han deltok i Måløyraidet 27. desember 1941. Seinare gjorde han teneste m.a. på norske torpedobåtar på oppdrag langs norskekysten.

Risnes var nestsjef under det allierte raidet mot kisgruvene på Stord 24. januar 1943.

Bygde opp "Bjørn West"

Frå sommaren 1944 fekk han ansvaret for organisering av heimefrontstyrken som skulle byggjast opp i Matrefjella i Nordhordland under kodenamnet "Bjørn West". Gruppa talde etterkvart 250 mann. Den vart oppdaga og kringsett av omlag 500 tyske soldatar. Siste krigsdagane kom det til harde kampar. Dei norske tapa var seks mann, medan tyskarane hadde 117 falne. Like før kampane starta, fekk Risnes kjærasten sin, Aslaug Bjordal, opp til leiren, der dei vart gifte av feltpresten. Aslaug rømde til Førde i Bjordal då krigen starta, og vart teken hand om av Olav Førde.

Høgt dekorert

Etter freden den 8.mai 1945 reiste heile "Bjørn West"-styrken til Bergen for å halde ro og orden i byen.
Risnes vart utnemnd til oberstløytnant og vart i 1947 kompanisjef i Tysklandsbrigaden. Han var sjef for HV 10 frå 1950 til han døydde i 1967.

Risnes vart dekorert m.a. med Krigskorset med sverd, og er saman med Bård Grotle (sjå Kjende personar i Bremanger) dei einaste frå Sogn og Fjordane som har fått denne høgste norske utmerkinga for krigsinnsats.

I 2002 vart det avduka eit minnesmerke over Harald Risnes i heimkommunen Hyllestad.

MEIR OM HYLLESTAD 
Hyllestad kommune

 
Aviser og media i Hyllestad
Historia i Hyllestad
Industri og næring i Hyllestad
Kjende personar i Hyllestad
Kommunehistoria i Hyllestad
Krigshistoria i Hyllestad
Kraftforsyninga i Hyllestad
Kyrkjer i Hyllestad
Samferdsle i Hyllestad
Skular i Hyllestad

 
Lyd frå Hyllestad
Video frå Hyllestad
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no