Dei 11 som døydde som fylgje av Gestapo sine aksjonar i Sogn og Fjordane fylke under 2. verdskrig var (reine militære aksjonar er halde utanfor):
August Saltkjel
(1886-1942) frå Måløy. Fiskar. Arrestert saman med 14 andre som "represalie" etter Måløyraidet 27. desember 1941. Sat på Grini, men døydde 7. mai 1942 av bukhinnebetennelse på Ullevål sjukehus.
Jens Buarøy
(1888-1944) frå Batalden. Fiskar og bonde. Arrestert av Gestapo 20. april 1943 etter at namnet hans vart funne skrive på eit vekeblad ombord i ein norsk MTB som gjekk på grunn etter ein aksjon mot hamna i Florø 14. mars 1943. Jens og den 13 år gamle sonen Alf vart arresterte. Jens vart torturert og send til tyske konsentrasjonleirar saman med
Hilmar Hansen frå Florø. Jens Buarøy døydde 5. august 1944.
(1891-1943) frå Høyanger. Blikkenslager og motstandsmann under 2. verdskrig. Gøymde m.a. illegale våpen og radio i huset sitt på Sæbøtangen. Vart arrestert av Gestapo 7. januar 1942 saman med sonen Magne Hansen. Etter fangenskap på Ulven og Grini overført til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen i februar 1943, der han døydde 13.april 1943.
Knut Landøy
Bulandet (1896-1943). Bonde og fiskar. Arrestert 18. juli 1942 i Gestapo sin aksjon mot Bulandet-Værlandet etter Telavåg-affæren. 19 mann på øyane og 3 mann på Grytøyra vart arresterte, 3 av dei døydde i tyske konsentrasjonsleirar. Knut Landøy døydde 29. april 1943. (Sjå også
Harald Myrvåg og
Asbjørn Melvær.)
Olav Rise
(1899-1945). Leikanger. Handelsbetjent og sentral kontaktmann då Linge-mannen Ragnar Ulstein kom til Sogn 1944 for å byggje opp Milorg i fylket. Rise tok imot og gøymde mykje våpen, og heimen hans vart brukt av Ulstein til møterom med andre aktuelle motstandfolk. Her møtte han m.a. Harald Dale og Trygve Sæbø frå Høyanger. Då dei vart arresterte, vart dei etter grov tortur pressa til å gje opplysningar om kontakter med Milorg. Olav Rise vart arrestert av Gestapo 6. februar 1945, ført til Bergen og så hardt torturert at han døydde 15. februar 1945.
Leonard Schrøder Evensen
Solund. ( 1906-1944). Småbrukar og fiskar. Sentral i den kommunistiske motstandsrørsla på Vestlandet. Arrestert i heimen i Solund 7. september 1944. Under båttansport til Bergen kasta han seg overbord og drukna for å sleppe røpe noko ved harde forhøyr.
Bulandet (1908-1944). Fiskar. Arrestert 12. mai 1942 i aksjonen som Gestapo gjennomførte mot Bulandet-Værlandet etter Telavåg-affæren. 19 mann på øyane og 3 mann på Grytøyra vart arresterte, 3 av dei døydde i tyske konsentrasjonsleirar. Asbjørn Melvær døydde 3. november 1944. (Sjå også
Knut A. Landøy og
Harald Myrvåg).
(1909-1944) frå Florø. Vart arrestert 20. april 1943 etter at Gestapo hadde funne namnet hans på eit vekeblad ombord i ein norsk MTB som grunnstøytte etter ein aksjon mot hamna i Florø 14. mars 1943. Både han og Jens Buarøy (sjå denne oppe på sida) vart hardt torturerte og sende til tyske konsentrasjonleirar. Hilmar Hansen døydde den 21. november 1944.
Hans Faleide
f. 1914, frå Leikanger. Prisinspektør. Fungerte m.a. som kurer mellom ulike Milorg-grupper i fylket vinteren 1944-1945. Arrestert 10. februar 1945, ført til Bergen og grovt torturert. m.a. med stråleovn mot hovudet. Døydde like etter krigen av torturskadane.
(1914-1944) frå Bulandet. Fiskar. Arrestert 19. mai 1942 i Gestapo sin aksjon mot Bulandet og Værlandet etter Televåg-affæren. 19 mann på øyane og 3 mann på Grytøyra vart arresterte, 3 av dei døydde i tyske konsentrasjonsleirar. H.M. døydde 3. november 1944. (Sjå også Knut Landøy lenger oppe og
Asbjørn Melvær).
|
Gerd Svanhild Haaland |
Høyanger (1924-1945). Arrestert 8. mai 1944 etter angiveri om illegalt arbeid. Døydde under flyttinga mellom tyske KZ-leirar 15. april 1945.