På sørsida vart dei større vassdraga Østerbøvassdraget og Mjølsvikvassdraget kjøpt av fossespekulantar i 1911 og 1917, og kom ikkje bygdefolket til gode i form av lokal straumforsyning.
Dei første kraftverka på sørsida kom i Ortnevik og Bjordal i 1923. Dei lokale verka var i drift til 1958. I Mjølsvik var det bygd kraftverk i 1939.
Svultingen L/L skipa 1939 og bygde den første kraftstasjonen ved Lavik i 1941. Denne forsynte store deler av ytre Sogn og Sunnfjord. M.a. bygdene i tidlegare Lavik kommune fekk krafta derifrå, distribuert av Lavik Kraftlag.
Måren fekk elektrisitet frå eige kraftverk i 1953, som gjekk inn i Høyanger Energiverk i 1988.
På sørsida av Sognefjorden gjekk bygdene i 1945 saman og skipa L/L Kyrkjebø Søre Kraftlag, og frå 1958 overtok dette laget kraftforsyninga på sørsida. Krafta kjøpte laget frå Sognekraft sin kraftstasjon i Vik.
I 1965 fekk Bergenshalvøen Kommunale Kraftselskap - BKK - konsesjon på overføring av Førdevassdraget på sørsida av Sognefjorden til kraftverk på Hordalandssida. Det vart sett vilkår om at BKK som motyting skulle forsyne sørsida med straum.
På nordsida vart dei lokale kraftlaga samla til Høyanger Energiverk i 1988.