|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Høyanger: Dei store fossekjøpa i HøyangerBondefangerietUtsiktene til storindustri basert for den norske fossekrafta skapte Klondyke-tilstandar utover bygde-Noreg på slutten av 1800-talet. Slik var det også i Sogn og Fjordane. Men som ofte elles, var det andre enn bygdefolket som stakk av med dei store gevinstane når ein ny naturressurs skulle utnyttast. Publisert 24.10.2001 09:19. Oppdatert 06.12.2001 14:18.Bygdefolk flest var stort sett uvitande om dei nye oppfinningane som kunne omskape fossekrafta til elektrisk energi og klingande mynt. Einaste nytten som bøndene såg i fossane var som kvennavatn og som drivkraft til enkle sagbruk. Elles var elvevatnet stort sett berre til plage, med skadeflaum og hinder for ferdsla. Vassfalla var difor eit lett bytte for veltalande fossespekulantar, som i denne første oppkjøpsbylgja kjøpte fallrettar til spottpris (I Høyanger så billeg at dei seinare vart tvinga til å gje bøndene ekstra betaling då realverdien kom for ein dag).
I løpet av to-tre år på slutten av 1890-talet hadde profesjonelle fossekjøparar fått hand om fallrettane i dei fleste vassdrag i fylket. Dei vart med rette kalla "fossespekulantar" fordi dei fleste berre kjøpte med tanke på å selgje vidare med stor forteneste. I Høyanger skifta såleis store vassfall eigar fem gonger før dei hamna hos industribyggjarane. Fossekjøparane var i hovudsak advokatar og ingeniørar i byane. Ofte hadde dei bakmenn i utlandet, særleg i Tyskland.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|