Chr. Vik sagbruk og tønnefabrikk
Christian Vik starta i 1911 sagbruk og tønnefabrikk ved Dyrneslielva. Fabrikken vart bygd opp att etter ein brann i 1931, og hadde på det meste 12 personar i arbeid. (Sjå også Christian Vik under
Landhandlar i Høyanger.)
Johs. Hellebø
starta i 1922 pensjonat i Lavik. Hellebø dreiv også møbelsnekkeri.
Høyanger Trelastkompani A/S
vart skipa i 1924 av Andreas Håland og Per A. Øren. Olai Hjetland og Jens Sørebø kom til som eigarar seinare. Forretninga sel alle slags byggjevarer og dreiv ei tid eige sagbruk, og hadde opptil 20 mann i arbeid på 1930-talet. Forretninga er sidan også utvida med møbelforretning og målingsavdeling. (Sjå:
Forretningsfamilien Øren.)
Svein Hønsi og Harald Høyvik
starta i 1937 snikkarverkstad i Høyanger. Frå 1947 var Svein Hønsi eineeigar. Fabrikken produserte dører, vindauge og trapper og hadde opptil 18 personar i arbeid.
Vestlandske Treforedling A/S
- VeTreFo bygde i 1959 den første og einaste tremassefabrikken på Vestlandet i Vadheim i 1959. Råstoffet skulle vere vestlandsk lauvskog. Men leveransane svikta, og fabrikken gjekk konkurs i 1971. (Sjå meir under "
Vadheim og vonbrota" og "
Den mislukka cellulosefabrikken").
Fjordesign A/S
i Torvund vart skipa i 1990 av Rune Hjelmeland og Wenche Glomsaker. Verksemda produserer skipsinnreiingar og driv møbeltapetsering, og hadde i år 2000 ei omsetning på 9 mill. kroner.