|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Høyanger: Lensmannsson og fossespekulantEin av dei svært få bygdemenn som engasjerte seg i fossekjøp på Vestlandet, var den unge lensmannssonen frå Kyrkjebø, Einar Ramsli. Han hadde utdanna seg som ingeniør i Tyskland. Publisert 19.10.2001 10:55. Oppdatert 24.10.2001 09:23.I 1899 skipa han saman med Bergens-arkitekten Sigurd Lunde fossekjøpsfirmaet Lunde & Ramsli. I 1899 kjøpte dei Kråkeelva og industrigrunn i Vadheim for 1000 kroner. I 1902 selde dei rettane vidare til ing. Heinrich Frølich, som igjen selde til konsul Johan Gran i Bergen. Gran vart ein arg konkurrent til Lunde & Ramsli i kappløpet om å sikre seg fallrettar i Høyanger-fjella. Gran kjøpte også fallrettar i Loenelva i Nordfjord.
Dei første planane gjekk ut på å byggje kraftverk og industri i Vadheim. Vadheim var på denne tida eit sentralt trafikkknutepunkt, medan Høyanger framleis låg som ei einbølt og veglaus bygd.
Men den vide dalbotnen i Høyanger låg betre til rette for utbyggjing av storindustri, og kort tid etter kjøpte Lunde& Ramsli fallrettane i Hålandselva og Hjetlandselva. For dette betalte dei 3.575 kroner, tilsvarande 5 årsløner for ein bonde. Med på kjøpet fekk dei fri grunn til vegar, leidningar, røyrgater og fabrikk! Dei sikra seg også fallrettane i Øyraelva og Hjetlandselva. I 1902 selde Lunde & Ramsli alle fallrettane til sakførar Chr. Ameln i Bergen. Den andre fossekjøparen, konsul Johan Gran, hadde i 1900 sikra seg rettane i dei store vassdraga i Eriksdalen og Gautingsdalen mot nordaust. Kring 1905 starta konsul Harald Larsen frå Oslo kjøp av fallrettar i Sogn. I løpet av nokre få år hadde han m.a. skaffa seg kontroll over alle dei store vassfalla kring Høyanger, og det var klart for det store industrieventyret.
Les meir om: Einar Ramsli.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|