SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Høyanger:

Naturskade og ulukker i Høyanger

1695

I 1695 øydela ein storflaum det meste av jorda på gardane i Høyanger. Bøndene lei store tap, og fekk nedsett skattane for å kome gjennom krisa.

Publisert 17.10.2001 11:11. Oppdatert 12.01.2007 09:45.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

1700-talet

På 1700-talet drukna eit brurefylgje frå Markeset ved Vadheim på Viksdalsvatnet då dei var på veg til kyrkja på Hestad - Hestad kapell.

1806

I 1806 drukna tre brør frå Sæbø i Høyangsfjorden.

1809

I 1809 omkom ein mann på garden Dale då han vart teken av snøskred.

1816

I 1816 omkom tre menn på garden Slantevika på Høyanger sørside i eit snøskred.

1836

I 1836 drukna to rorskarar på postbåten Leirvik-Frønningen utanfor Nordeide. Den tredje berga seg på båtkvelven.

1928

I februar 1928 omkom tre born i eit snøskred på garden Nyekvia på Berge ved Høyangsfjorden. Fem born var åleine då huset vart teke av skreda. Også på Nordeide omkom eit barn i eit sørpeskred same året.

1937

I 1937 omkom to arbeidarar under ei sprengingsulukke ved utbyggjing av kraftverka i Eriksdalen.

1938

I 1938 omkom to skuleborn frå Hålandsgardane i Høyanger då dei på veg heimatt frå skulen vart tekne av eit snøskred.

1945

I 1945 omkom to gutar, sju og 12 år gamle, då dei vart tekne av ei lita snøfonn på vegen til Hålandsgardane.

Frå flaumen i 1971. Foto: Norvald Stedje

Flaumskader i Høyanger

Tre gonger på 1900-talet gjekk Daleelva over breiddene sine, verst vart skadene i 1971. (Høyr radiolyd ovanfor).





1978

I 1978 omkom ein arbeidar under fjellrensking i Høayngertunnelen. Høyangertunnelen.

1987

I 1987 omkom tre arbeidarar ved Høyanger verk då ein digel med flytande metall eksploderte.

Hovedside:
Historia i Høyanger
MEIR OM HØYANGER 
Høyanger kommune

 
Aviser og media i Høyanger
Historia i Høyanger
Industri og næring i Høyanger
Kjende personar i Høyanger
Kommunehistoria i Høyanger
Krigshistoria i Høyanger
Kyrkjer i Høyanger
Samferdsle i Høyanger
Skular i Høyanger
Verd å sjå i Høyanger

 
Video frå Høyanger
Lyd frå Høyanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no