|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kyrkjer i Naustdal: Naustdal kyrkje | Interiøret i Naustdalskyrkja vart ved 100 års jubiléet ført tilbake til opphavelege fargar. (Foto: R. Søgnesand, NRK) |
Naustdal kyrkje bygd 1891. Arkitekt Adolf Schirmer, byggmeistrar Mons. N. Skare og Jørgen L. Torsheim. Kyrkja er den største i Sunnfjord med 650 sitjeplassar og vert difor kalla ”Sunnfjordkatedralen”. Publisert 01.10.2001 13:05. Oppdatert 14.12.2001 15:59.LYD OG VIDEO
| Arkitekt var Adolf Schirmer. |
Altertavle er kopi av kjend tavlemotiv av dansken Garl Bloch, ukjent kven som har måla kopien. Nattverdsutstyr frå 1629 og 1778, to vinkanner frå 1785, altarduk frå 1678, krusifiks frå 1713, messehakel frå 1785. To kyrkjeklokker frå 1702 og 1709.
Etter mykje motstand m.a. frå presten, vart ei gamal steinkyrkje frå 1150 riven for å gje plass til noverande Naustdal kyrkje. Truleg var gamlekyrkja ei høgendeskyrkje, d.v.s. ei privat kyrkje. Korbogen i kleberstein frå gamlekyrkja er teken vare på som inngangsportal til kyrkjegarden.
| Altertavle frå 1675 er oppbevart i Bergen Museum. |
Rikt skoren altertavle frå 1675 og preikestol med himling frå 1671 er teken vare på i Bergen Musèum.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|