|
COOP Mega i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen. |
Førde Samyrkelag har på 1980- og 1990-talet teke over drifta av samvirkelag og andre forretningar i store deler av Sunnfjord og Nordfjord: 1978 Askvoll, 1989 Domus Sandane, 1993 Naustdal og Kalland, 1995 Florø, 1996 Svelgen og kjøp av Vereide Matsenter på Sandane (no Prix-butikk), 1998 kjøp av varehuset P.A. Sølvberg i Askvoll, og 1999 Breim Samvirkelag.
Førde Samyrkelag hadde i 2001 270 tilsette, og ei årsomsetning i år 2000 på 286 millionar kroner.
Storfusjon i 2004
I 2000 endra samvirkeorganisasjonen namn til Coop Sogn og Fjordane. I 2000 gjekk Sogn Samvirkelag saman med samvirkelaga i Årdal og Voss inn i
Coop Mega Indre Vestland, men etter store økonomiske problem, vart Coop Mega Indre Vestland i 2004 delt: Forretningane i Sogn og Fjordane, med unntak av Flåm, vart lagde under Coop Sogn og Fjordane, medan dei øvrige fem gjekk inn i Coop Hordaland.
40 forretningar
I 2005 omfattar Coop Sogn og Fjordane i alt 40 forretningar frå Svelgen, Sandane og Breim i nord til fylkesgrensa mot Hordaland i sør. Dei øvrige Nordfjord-forretningane høyrer til Coop Nordfjord og Sunnmøre med administrasjonsstad Volda. Elles i fylket står samvirkelaga i Brekke, Høyanger, Vik, Dale og Jølster utanfor Coop Sogn og Fjordane i året 2005.
Coop Sogn og Fjordane har i 2005 490 tilsette, og ei omsetning i 2004 på kring 640 millionar kroner. Hovudadministrasjonen ligg i Førde.
|
COOP Extra på Brulandsvellene under bygging i mai 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen. |