|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Skular i Førde: Sogn og Fjordane Husstellskule | Husstellskulen heldt til i denne bygningen frå 1957 til 1994. Foto: Kjell Arvid Stølen. |
Sogn og Fjordane Husstellskule (husmorskule) vart starta i 1947. Publisert 03.09.2001 12:33. Oppdatert 23.05.2007 10:33.Husstellskulen starta opp i Sivertsens Hotell i Førde, og flytta i 1957 inn i nybygg på Prestebøen. I 1958 husa skulen festmiddagen som fylket heldt for Kong Olav V i samband med rundreisa hans i fylket ved 100-års-jubileet til Fylkesbaatane. Elevane ved skulen serverte, og kongen takka for maten slik det framleis høvde seg på 1950-talet: Han roste jentene som lovande hustruemne og mødre!
Ved skulen fekk elevane m.a. opplæring i barnestell, der dei kunne øve seg på nyfødde som seinare skulle adopterast bort. Husstellfagskulen vart 1994 slått saman med yrkesskulen (sjå Førde Metallfagskule) og samla i nybygg på indre Øyrane.
| I 1994 vart husstellfagskulen slått saman med yrkesskulen, og heiter i dag Øyrane vidaregåande skule. (Foto: NRK) |
Kulturetaten i Sogn og Fjordane fylkeskommune, og Sogn og Fjordane kunstmuseum held til i dei gamle bygningane.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|