(Sjå
Den Trondhjemske Postvei i Gaular).
Tanken var å byggje telegraflina vidare til Ålesund, men den stoppa i Førde. Her vart det strekt telegrafline til Florø, slik at "fiskeritelegrafen" mellom Florø og fiskeværa omkring fekk samband til landsnettet. (Sjå
Fiskeritelegrafen varsla sild) I 1869 vart det bygt telegrafline sørover frå Ålesund som knytte til Måløy og Kalvåg.
Telegrafstasjon i Førde
Førde fekk eigen telegrafstasjon i 1875 med Agnes Bader (1835-1909) som styrar.
I 1893 telefonstasjon, og i 1902 fekk både Førde og Holsen rikstelefon.
Til inste Haukedalen kom telefonen i 1919, og til inste Angedalen i 1927.
Telefonsentralen i Førde heldt i mange år til i ”Gamlebanken”, og flytta til Førde Sport-bygget i 1955.
Mykje av teleadministrasjonen i fylket vart etterkvart samla i Førde, og fylket vart eige teleområde - Førde teleområde - i 1975. I 1993 vart Sogn og Fjordane nedlagt som eige teleområde og slege saman med Bergen/Hordaland i Bjørgvin teledistrikt med hovudsete i Bergen. Dette førde til sterk nedbemanning i Førde.
Telesjefar 1975-1993 var Håkon Flåten, Rolf Køste og Kåre Sundquist.
Hovudsendaren for radio og fjernsyn på Hafstadfjellet (706 m.o.h.) vart bygd i 1958.