SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næringsliv i Selje:

Fabrikkar og produksjonsverkstader i Selje

Krabbehermetikk

Eigar av handelsstaden Osmundsvåg, Christian Wiese, gjorde i 1875 dei første forsøka med hermetiske varer i Sogn og Fjordane. Han i 1876 rosande omtale på eit utstilling i Philadelphia, USA for hermetikkprodukta av krabbe og fisk. Sjølv om han også fekk medalar for produkta på utstillingar i Europa, la han ned fabrikken tidleg på 1880-talet, og gjekk konkurs i 1890. Wiese var ordførar i Selje 1876-1890.

Publisert 24.08.2001 12:38. Oppdatert 06.11.2006 11:35.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Elias A.R. Lekanger

starta 1909 fiskeforretning, trandamperi og hermetikkfabrikk på Stadlandet. I 1917 tønnefabrikk. Frå 1935 heitte familiebedrifta Statt Preserving, Lekanger & Co. Sysselsette på det meste
35 personar.

Reinhardt Ervik - trevarefabrikk

Reinhardt Ervik starta 1909 trevarefabrikk på Stadlandet. Produserte dører, trapper, vindauge, utskorne møblar og likkister.

Trandamperi og slipp

Under dei rike torskefiskeria på 1920-talet låg det 6 trandamperi kring Selje sentrum. I same periode dreiv Selje Slip og Mekaniske Verksted med vedlikehald av fiskebåtar.

Gabriel Reed - skjortefabrikk

Gabriel Reed var opphaveleg banksjef, og starta etter konkursen i Statlandets privatbank i 1930 ny skjortefabrikk på Stadlandet. Fabrikken produserte for det meste arbeidsskjorter, og vart driven til ca. 1980.

Drageseth-familien grunnla dagens Selje

Det moderne Selje sentrum med industri og hotell er i stor mon grunnlagt av to brør, Wald Drageseth og Asbjørn Drageseth.

Selje Skjortefabrikk AS

grunnlagt 1946 - sjå artikkelen Drageseth-familien grunnla dagens Selje.

Aardals Båtbyggeri

i Selje vart starta av Karl Aardal i 1945. Han dreiv på leigd plass fram til 1948, då han kjøpte Selje Slip. På det meste hadde Aardal 8-10 mann i arbeid, og bygde m.a. kjende fiskabåtar som 60 fot lange "Rindheim" til Rognaldsvåg i 1948, og den 99 fot lange snurparen "Falkøy" for Elias Falkevik i Måløy i 1950. Aardal la ned båtbyggjeriet pga. helseproblem midt på 1950-talet, medan Selje Slip var i drift som slipp til midt på 1960-talet. (Sjå: Trandamperi og slipp).

John Berge - stolfabrikk

John Berge, Selje, dreiv stolfabrikk i Selje frå 1947 og eit stykke fram på 1950-talet. Hadde 8-10 personar i arbeid. Produserte kontor- og arbeidsstolar.

Selje Trevare A/S

grunnlagt 1948 av Leif Berge, som seinare fekk brørne Ragnvald og Bård som kompanjongar. Dei første åra dreiv Selje Trevare produksjon av skipsstolar, dører, vindauge og trapper. Gjekk sidan over til sal av bygningsvarer og byggjing av trehus. Berge kom med i byggevarekjeden Bygger’n og utvida forretninga i 2006.

Selje Bruk AS

plastbåtfabrikk vart skipa 1960 - sjå Drageseth-familien grunnla dagens Selje.

Dragebygg AS

vart skipa på Stadlandet av Gunnar Drage og sønene Mathias, Gudmund og Ola Drage i 1968. Selskapet vart AS i 1983 med Mathias Drage som dagleg leiar. Verksemda driv entreprenørverksemd, byggevare- og interiørforretning, og hadde i 2001 12 tilsette og ei omsetning på 13 millionar kroner. I 2000 overtok Dragebygg Fagerhil Bygg på Fiskå, Vanylven, med 4 tilsette.

Saga Boats A/S

Eitt av produkta til Saga Boats i Selje. (Foto: NRK)
vart skipa 1983 som ei vidareføring av Selje Bruk. Sjå Drageseth-familien grunnla dagens Selje.

Selje Plastindustri

skipa 1976 av Wald Drageseth. Eigd og drive av sonen Geir, og seinare med Wald Drageseth sin svigerson Anders Lien. Sjå Drageseth-familien grunnla dagens Selje.

Selantic Industrier A/S

skipa av Anders Lien (sjå også Selje Plastindustri ovanfor) i 1984.

Sjåstad Industrier AS

Stadlandet. Grunnlagt 1992 av Nils Per og Anfinn Sjåstad. Produserer utstyr til fiskebåtar, og hadde i 2000 17 tilsette. Gjekk konkurs 2001, men ført vidare som Sjåstad Mek. Verksted v. Anfinn Sjåstad.

Stadpipe AS

Stadlandet, vart skipa i 2000 av Nils Per Sjåstad, Stig Rune Sjåstad og Sigve Røkås. Verksemda har spesialisert seg på røyr til oppdrettsnæringa og til skipsbyggjing. I 2001 har Stadpipe åtte tilsette og ei omsetning på ni millionar kroner.

Global Enviro International AS

frå Ulsteinvik starta avdeling i Selje i 2006 med fem tilsette.

MEIR OM SELJE 
Selje kommune

 
Historia i Selje
Industri og næring i Selje
Kjende personar i Selje
Kommunehistoria i Selje
Krigshistoria i Selje
Kyrkjer i Selje
Samferdsle i Selje
Skular i Selje
Verd å sjå i Selje

 
Video frå Selje
Lyd frå Selje
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no