SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Jølster kommune:

Nikolai Astrup

Nikolai Astrup kjøpte eit småbruk på Sandalstrand i 1912. Her har kunstnaren sjølv måla det som seinare vart kalla Astruptunet.
Nikolai Astrup kjøpte eit småbruk på Sandalstrand i 1912. Her har kunstnaren sjølv måla det som seinare vart kalla Astruptunet.
Nikolai Astrup var ein av dei største kunstnarane i Noreg tidleg på 1900-talet. Fleire av bileta hans er selde på auksjonar for kring 4 millionar kroner.

Publisert 20.07.2001 14:47. Oppdatert 15.05.2003 11:29.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Utsnitt av sjølvportrett.
Nikolai Astrup (1880–1928) er fødd i prestegarden i Kalvåg, Bremanger, men flytta 3 år gamal til Jølster då faren Christian Astrup vart sokneprest der. Nikolai voks opp i prestegarden på Ålhus, der eit av dei gamle husa framleis står, og der minnesteinen over Nikolai Astrup er reist. Embetsmanns-slekta Astrup stammar frå Ribe i Sørvest-Jylland.

Dei første åra

Nikolai Astrup er ein av dei største kunstnarane i Noreg frå tida kring 1900. Han studerte målarkunst under Harriet Backer 1899-1901, og hos Christian Krogh i Paris i 1902.
Astrup debuterte i 1905, og frå same år var han bufast i Jølster. Prestefaren Christian hadde sett seg sterkt imot at sonen skulle bli kunstnar. Han såg helst at sonen vart prest. Då Nikolai kom heim budde han ei tid i prestegarden. Men faren hindra at han fekk kjøpt det ledige huset der. Nikolai prøvde så å kjøpe ein annan eigedom på Ålhus, men faren forhindra også dette. Frå 1909 til 1912 budde Astrup med familien i eit lite tun på Myklebust på sørsida av Jølstravatnet. Denne stova selde han seinare til venen Per Kramer frå Bergen, som flytta den og bygde den opp att nord for grenda Sandal. Der står huset framleis, brukt som hytte.

Astruptunet

I 1912 kjøpte Astrup det brattlendte småbruket på Sandalstrand som seinare er kalla Astruptunet. Her bygde han atelier, og rydda jorda i terrassar der han m.a. planta eksotiske blomar og plantar.

Giftarmål

I 1907 gifta Astrup seg med Engel Sunde (sjå Engel Astrup), som då ikkje var fylt 16 år. Han hadde møtt henne då han måla på garden Sunde ved Kjøsnesfjorden året før. Engel vart seinare brukt som modell i fleire kjende måleri frå prestegardshagen på Ålhus og frå Sandalstrand.

Bileta til Nikolai Astrup

Det var i heimbygdene Nikolai Astrup fann motiv og inspirasjon til sine naivistiske, men sterkt ekspressive bilete.

Astrupelevane

Astrup var m.a. god ven av biletkunstnaren Bernt Tunold som let seg inspirere av meisteren frå Jølster. Astrup tok også nokre få elevar som han underviste i målarkunst på Sandalstrand. Dette var m.a. Toralv Flatjord og Elias Eide frå Jølster, Malfinn Berquam frå Førde og Johan Indrekvam frå Naustdal. Desse har sidan vorte nemnde som ”Astrup-elevane”.

Plaga av sjukdom

Astrup misbrukte i lange periodar alkohol. Han hadde hatt tuberkulose, og lei heile sitt vaksne liv av astma. Under eit opphald hos venen dr. Bydal i Førde i 1928 døydde Nikolai Astrup.

Museum

Museet på Astruptunet.
Astruptunet på Sandalstrand er idag museum, og her vart det på 1980-talet bygd eit eldfast biletgalleri, godt kamuflert i den gjenskapte fjøsbygningen.
Astrup er representert i dei største galleria i Norden, og i 1995 kunne skipsreiar Jon Chr. Brynildsen vise fram ei unik samling Astrup-kunst, der fleire av hovudverka er med.

Astruptunet på Sandalstrand med Jølstravatnet i bakgrunnen. (Foto: NRK)


MEIR OM JØLSTER 
Jølster kommune

 
Aviser og media i Jølster
Historia i Jølster
Industri og næring i Jølster
Kjende personar i Jølster
Kommunehistoria i Jølster
Krigshistoria i Jølster
Kyrkjer i Jølster
Samferdsle i Jølster
Skular i Jølster
Verd å sjå i Jølster

 
Video frå Jølster
Lyd frå Jølster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no