Altartavla er frå ca. 1610, men vart overmåla i 1767. Tavla er gjeven av
Thomas Georg Krog som vart den første soknepresten i Davik prestegjeld etter at dette vart utskilt frå Eid prestegjeld i 1740. - Les meir om dette under Davik kyrkje og Rugsund kyrkje.
Måtte sage hol i taket
Men sokneprest Krog må ha kjøpt altartavla til Ålfoten inne i by’n utan å ta mål av takhøgda i det vesle gudshuset. Heime i Ålfoten fekk han problem: For å få plass til all stasen, måtte ein sage ut eit hol i taket over altaret der øvste delen av den flotte tavla er tredd opp gjennom!
Reisealtar
Preikestolen i Ålfotkyrkja er frå ca. 1678, døypefont og dåpsfat frå 1683. Kyrkjeklokka og eit spesielt reisealtar i marmor frå mellomalderen på 30x30 cm er teke vare. Slike reisealtar tok presten med seg når han reiste ut i soknebod til døyande og sjuke menneske.
Stavkyrkje sidan 1200-talet
I Ålfoten har det stått ei stavkyrkje truleg sidan 1200-talet, først omtala i 1348. Ei tresøyle som vart funnen på kyrkjegarden på 1890-talet, tyder på at denne stavkyrkja låg nett det Ålfot-kyrkja ligg i dag.