Funna har m.a. vist at steinalderfolket som budde her, har hatt handelskontakt med områda ved Østersjøen som no nemnast som Baltikum. Buplassen på Gloføyke vart difor peika ut som Bremanger kommune sin tusenårsstad i 2000. På Gloføyke er det sett opp informasjonstavler om buplassane.
Ravstykket på Gloføyke
Det var på 1960-talet og i samband med bygginga av Bremanger-sambandet på 1990-talet at arkeologane grov ut og registrerte dei gamle buplassane kring Skatestraumen, og såleis kom over eitt av dei viktigaste sentra for steinalderkulturane på Vestlandet.
|
Fornfunn ved Gloføyke. |
Det viktigaste funnet var nok nokre små stykke rav som truleg har vore brukte som knappar for 4-5000 år sidan. Ravet kjem frå Baltikum, og viser at folket som budde kring Skatestraumen må ha hatt ei eller anna form for varebyte med steinalderfolk så langt unna som kring Østersjøen.
På Gloføyke på nordsida av Skatestraumen er det funne i alt 74 buplassar som skriv seg frå steinalderen til jernalderen. Her er det m.a. funne ni pilespissar, tre knivar, fire steinøkser, ein spydspiss, meislar og fiskereiskap.
I Hamnen like vest for Glofløyke er det funne i alt 53 buplassar frå førhistorisk tid, og på nabogarden Nygård seks buplassar frå steinalder, bronesealder og jernalder. På Haukedal aust for Gloføyke er det registrert 17 buplassar - dei fleste frå yngre steinalder og i overgangen til bronsealderen.
Også på nordsida av Rugsundsøya er det funne ei mengd spor etter steinalderfolket: På garden Skorpen er det funne 12 buplassar frå steinalder, bronsealder og jernalder.
Steinalderbuplassar på sørsida
Også på gardane på sørsida er det funne ei mengd buplassar: I Hunskår vart det funne 22 buplassar, åtte frå eldre steinalder og dei andre frå bronsealderen og jernalderen.
På garden Klubben litt lengre vest er det avdekt 25 buplassar. 16 av dei er frå eldre og yngre steinalder og fem frå jernalderen, og truleg er nokre frå bronsealderen.