SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næringsliv i Aurland kommune:

Anortositten i Nærøydalen

I fjellet kring Gudvangen og mot Mjølfjell ligg eit av dei største kjende anortosittsfelta i verda.

Publisert 03.07.2001 09:19. Oppdatert 28.08.2006 12:18.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Anortosittgruve i Nærøydalen.
Målingar viser at om ein tek ut 8 millionar tonn årleg, vil resurssane likevel vare i 300-500 år.
Anortositten i området er delvis av ein kvit og delvis av ein gråblå type. Den sistnemnde, som det er mest av, har størst kommersiell verdi.


Råstoff for aluminium?

Den første kartlegginga av anortosittførekomstane i Sogn vart gjort av geologen P.V. Goldschmidt i 1917, og ingeniør Haakon Christensen fekk handgjeve rettane til bergvergsdrift i dagen. Han hadde elles sikra seg retten til bergverksdrift i lengre ute både i Næryfjorden og Aurlandsfjorden omlag på same tid. – Sjå artikkelen: Prøveuttak av labradoritt i Bessefjellet. Eitt-to år seinare selde Christensen seg ut av bergverksinteressene sine i Aurland og Gudvangen.
I 1918 sikra Norsk Hydro seg retten til å drive ut anortositt i Kinsedal på austsida av Lustrafjorden, og bygde ei utskipingskai der. Men det var først under 2. verdskrig at tyskarane satsa på stordrift i Kinsedal gjennom Hydro-selskapa A/S Rjukanfoss og Nordisk Lettmetall. Anortositten skulle brukast til framstilling av aluminiumoksid. Antortositten inneheld nemleg 30-35 prosent aluminiumsokid, som er råstoffet til aluminium. Anortositten vert elles nytta til kalsiumskarbonat i målings- og papirindustrien. og ammuniumnitrat som m.a. vert nytta i sprengstoff og kunstgjødsel.

– Les meir om gruvedrifta i Kinsedal under Luster kommune i artikkelen Anortositten i Kinsedal.

Noreg sjølvforsynt med aluminiumråstoff?

Særleg i nokre år på slutten av 1960-talet, då det var uvisst om Årdal og Sunndal Verk (no Hydro) kunne sikrast nok aluminiumoksid m.a. frå Jamaica, vart det grundig vurdert om ein kunne starte utvinning i stor skala i Nærøydalen og i Kinsedal.
Men sjølv om det etter kvart viste seg at otten for at Jamaica-leveransane skulle svikte var overdriven, så satsa norsk prosessindustri sterkare på forsking kring bruken av anortositt som aluminiumråstoff i åra som fylgde: I 1977 skipa det statseigde Årdal og Sunndal Verk og Elkem selskapet Anortal. Staten skaut til halvparten av utgiftene.
På det meste var 80 personar tilsette i Anortal, og det vart nytta i alt 80 millionar kroner til forsking fram til prosjektet vart stogga i 1987, like etter at Hydro hadde teke over ÅSV. I ein liten prøvefabrikk på Kjeller hadde forskarane til då produsert fire tonn aluminium av god kvalitet på anortositt henta i Nærøydalen.

Luna Mineral AS

Det Voss-baserte Gudvangen Stein AS kjøpte opp bergverksrettane frå 1893 til 1988, og har utover 1990-talet drive i mindre målestokk på anortositt i Nærøydalen. I 2001 vart det på nytt fremja planar om å utnytte det enorme mineralfeltet kommersielt i stor skala. Aurland kommune, to grunneigarar frå Gudvangen og ein frå Voss skipa då selskapet Luna Mineral AS for å få kontroll over ei eventuell framtidig stordrift.
I 2005 vart det teke ut nær 200.000 tonn stein som vart eksportert til Storbritannia, Tyskland og Sverige, der mineralet vert nytta m.a. til framstilling av isolasjonsmaterialet steinull (rockwool).

Selskapet gjennomfører eit forskingsprogram til 2,2 millionar kroner for å kartleggje m.a. utvinningsform og produktområde.

Bergverksdrift kan kome i konflikt med landskapsvernet i området. Difor er tanken at både utvinning, lagerhallar og utskipingshamn skal byggjast inne i fjell slik at minst mogeleg synest i turistperla Gudvangen. Vert det drift, har Luna Mineral von om at det kan skape over 200 lokale arbeidsplassar.
I 2005 vart Lutelandet Utvikling skipa i Fjaler med sikte på å få bygd gassbasert storindustri i kystområdet Lutelandet som ligg på grensa mot Hyllestad kommune. Ein av ideane som vert vurdert, er å byggje ein fabrikk som kan utvinne aluminiumoksid og andre produkt som nyttar anortositt frå m.a. Gudvangen som råstoff.


Sjå også under Luster:
· Anortositten i Kinsedal


MEIR OM AURLAND 
Aurland kommune

 
Historia i Aurland
Industri og næring i Aurland
Kjende personar i Aurland
Kommunehistoria i Aurland
Krigshistoria i Aurland
Kyrkjer i Aurland
Samferdsle i Aurland
Skular i Aurland
Verd å sjå i Aurland

 
Video frå Aurland
Lyd frå Aurland
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no