SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Askvoll:

Teglverk i Askvoll

Frå Helle Teglverk: Innstuing av tørka murstein som skal brennast. Frå brennkammeret går det små hol opp til toppen av omnen. (Foto © Kjell Eikemo)
Frå Helle Teglverk: Innstuing av tørka murstein som skal brennast. Frå brennkammeret går det små hol opp til toppen av omnen. (Foto © Kjell Eikemo)
Store leireforekomstar la grunnlag for skiping av Helle Teglverk A/S i 1895 og A/S Vårdal Teglverk i 1897. Dei to verka låg ikkje så langt ifrå kvarandre, eit stykke vest for Holmedal.

Publisert 29.06.2001 10:40. Oppdatert 13.11.2006 14:01.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video video REAL: Helle teglverk brenn [Real]  - sendt 26.05.1993. Intervju med Gunnhild Systad på Fylkeskulturkontoret og nabo Kjell Eikemo.

Bergensk gründer

Gründer Johan Jenssen (© Fylkesarkivet)
Det var ein av dei fremste industribyggjarane i fylket, bergensaren Johan Jenssen, som grunnla Helle Teglverk. Den allsidige Fjaler-ordførararen og seinare stortingsmannen David O. Bakke frå Holmedal var ein sentral pådrivar til at det vart bygt teglverk i Vårdal eit par år etter at drifta starta på Helle.

I 1902 vart Jørgen Helgerud styrar ved teglverket i Vårdal. Han hadde tidlegare styrt eit teglverk i Sandefjord.


Helle Teglverk i 1957. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune

Konkurs og ny eigar

I 1907 gjekk teglverket på Helle konkurs. Jørgen Helgerud kjøpte buet, installerte elektrisk straum og moderniserte produksjonen slik at steinforminga gjekk automatisk. Han skaffa også gravemaskin i leirbrotet, som låg like ovanfor fabrikken. Sonen Rolf Sigurd Helgerud tok over som leiar av verksemda då faren pensjonerte seg.
Vårdal Teglverk i 1957. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune

Dårleg råstoff og ujamn drift

På det meste hadde kvart av dei to teglverka opptil 40 arbeidarar. Men produksjonen vart mykje driven som sesongarbeid når byggjeaktiviteten var stor om våren og sommaren. Om vinteren var det liten eller ingen aktivitet. Dette gjorde at det på 1950-talet vart vanskeleg å skaffe arbeidsfolk.
Og når leirekvaliteten heller ikkje var den beste, førde dette til at aktiviteten ved verket i Vårdal vart sterkt redusert utover 1960-talet. Nye byggjeprodukt som sementstein og Leca konkurrerte ut steinen frå Dalsfjorden.
Vårdal Teglverk vart lagt ned i 1970. Helle Teglverk overtok eigedomane, men også dette tegleverket vart lagt ned i 1978.

Kulturminne brann ned

Helle teglverk etter brannen. (Foto: Aasulv Austad, NRK 1993)
Ei stund etter at Vårdal Teglverk vart lagt ned, brann mykje av bygningen ned og tomta vart rydda.
Heile bygningen til Helle Teglverk vart totalskadd av brann under restaurering i 1993. Planen var å ta vare det gamle teglverket med omnar og fabrikkpipe som kulturminne.

MEIR OM ASKVOLL 
Askvoll kommune

 
Aviser og media i Askvoll
Historia i Askvoll
Industri og næring i Askvoll
Kjende personar i Askvoll:
Kommunehistoria i Askvoll
Krigshistoria i Askvoll
Kyrkjer i Askvoll
Samferdsle i Askvoll
Skular i Askvoll
Verd å sjå i Askvoll

 
Lyd frå Askvoll
Video frå Askvoll
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no