Totalt kom det inn 31 kandidatar i konkurransen om å bli årets gründer i Sogn og Fjordane.
Dei tre jurymedlemmene, Innovasjon Norge-sjef Halvor Flatland, Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke og administrerande direktør Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane har plukka ut fem kandidatar til finale.
- Det var ei god liste. Eg er litt imponert over at det er så mange som har søkt på prisen, og vi har hatt mange gode kandidatar til vurdering. Vi har hamna på fem finalistar, men det kunne vore mange fleire, seier Flatland.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Meiner gründerånda er sterk
Også Simen Staalnacke let seg imponere av mange av søknadane.
- Det er eit veldig godt spenn i kandidatane. Det er godt å sjå at gründerånda er
sterk i Sogn og Fjordane. Sjølvsagt kunne det vore fleire, men det er stilig å sjå at det finst såpass mange gode idear, seier Staalnacke, som gler seg til å følgje med vidare.
Han legg til at det har vore ein krevjande jobb å finne fram til finalistane.
- Vi har gått nokre rundar for å vurdere opp i mot kriteriane. Men eg føler vi har landa på ein god bukett av glade gründerar, seier Staalnacke.
Stem fram den du likar best
Fram til 1. november kan du stemme på den kandidaten du meiner fortener mest å bli årets gründer. Like før prisen blir delt ut under Temposeminaret i Florø 1. november, kjem juryen til å ha eit siste møte, der dei får vite stemmetalet frå publikum.
Dei vil ha dette med i vurderinga når dei bestemmer kven som får Årets gründerpris 2012.
(Les meir om dei einskilde kandidatane under avstemminga)
HER ER DEI FEM KANDIDATANE:
Lege.no
Lege.no vart skipa i januar 2012, har adresse på Mjømna, og er eit føretak som tilbyr legehjelp via Internett. Brukarane kan vere anonyme. Tilbakemeldinga er rask (direkte kontakt med legar i opningstida).
Alle konsultasjonar skjer skriftleg, og lege.no er einaste nett-legetenesta som tilbyr live chat med legen.
Tilbodet vil kunne effektivisere helsetenesta, og gjere konsultasjonane kjappare, enklare, billegare og meir praktisk for pasientane.
LES MEIR:
- Desse står bak: Dagleg leiar: Solveig D. Kristiansen, driftsleiar: Adam Owen. Styret: Njål H. Wilberg, Francis B. S. Rath og Bjørn H. Grene.
Droneservice
Droneservice vart etablert av to energimontørar i februar 2011 i Stryn. Dei tilbyr dronehelikopter m/HD-kamera, i hovudsak til inspeksjon av høgspentliner, som er svært arbeidskrevjande å utføre manuelt.
Tilbyr betre dokumentering (gode bilete) til langt lågare kostnad, og med mindre inngrep/forstyrrelsar i naturen. Dette kan òg integrerast i e-verka sine eigne programvare.
LES OGSÅ:
- Desse står bak: Dagleg leiar (og styremedlem): Hans Ove Bøe & operatør (og styreleiar): Arne Hjelle Strand
Proresult
Vart skipa i 2007 i Førde. Har utvikla nettbasert programvare for timeregistrering på mobil til bygg- og anleggsbransjen (TMC). Tatt i bruk av fleire lokale entreprenørar (m.a. Åsen & Øverli og Dvergsdal & Sunde), samt nokon nasjonale aktørar (Norges Hus, Hus 1 Norge).
Forenklar administrasjonsarbeidet for entreprenøren, og gir oppdatert dagleg oversyn over både timar pr ansett og totalt pr prosjekt.
Kan òg brukast til utfylling av andre skjema/dokument pr mobil, registrering av materialforbruk, biletdokumentasjon eller verkty- og utstyrsregistrering.
LES MEIR:
- Desse står bak: Dagleg leiar (og styreleiar/hovudaksjonær): Andreas Haug
Melin Medical AS
Starta februar 2010 på Sandane. Har utvikla ny betalingsautomat for helsevesenet som er tatt i bruk på mange legesenter i landet.
Har ført til at pasientane slepp å stå i kø for å betale, samt redusert tidsbruk på administrering av pasientar så helsepersonell kan nytte meir tid på behandling.
Over 400 betalingsautomatar har så langt blitt utplasserte, og fleire er på veg – for tida held dei eit snitt på to nye automatar per dag. 20 tilsette; dei fleste i Oslo.
- Desse står bak: Styreleiar/hovudaksjonær: Jesper Melin Ganc-Pedersen; dagleg leiar: Jørn Gjessing
Highsoft Solutions
Vart skipa i april 2011 i Vik i Sogn. Lagar avanserte presentasjonsløysingar for IT-marknaden og leverer til heile verda.
- LES OGSÅ:
Nyskapande visualisering på web (grafiske framstillingar). Mange av kundane er blant dei 100 største selskapa i verda (Fortune 100). Omsette for 12 millionar kroner første driftsår, med resultat på 8,6 millionar kroner. Har 8 tilsette i Vik i Sogn.
- Desse står bak: Styreleiar/hovudaksjonær: Torstein Hønsi; dagleg leiar/styremedlem: Grethe Hjetland
Deler ut prisen under Temposeminaret
Saman med Sparebankstiftinga og Sparebanken Sogn og Fjordane skal NRK Sogn og Fjordane dele ut «Årets gründerpris 2012» under Temposeminaret i Florø.
– Vi vil setje bedriftsskaping i fokus, og heve fram dei som lagar arbeidsplassar, nye idear og produkt i fylket vårt, seier kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.