Hopp til innhold

Er i tvil om båtane vil treffe holet

17 store utgreiingar dei siste 25 åra er ikkje nok for Stad skipstunnel. No er fiskeriministeren i tvil om båtane vil treffe holet.

Stad skipstunnel

HOLET: Sjølv om tunnelen har vore greia ut 17 gonger, er ein no usikre på om båtane vil treffe tunnelopninga.

Foto: Kystverket/Scanpix

Sjøfolk har i ei årrekkje kjempa for å få på plass den mykje etterlengta skipstunnelen på Stad.

I over eitt år har eksterne kvalitetssikrarar gått gjennom den siste rapporten frå Kystverket, men no blir resultatet endå ei runde i byråkratiet. No vert det nemleg stilt spørsmål ved kor vidt båtane vil kunne klare å treffe holet i fjellet i dårleg vêr.

Det er mildt sagt provoserande for sjøfolka, som ikkje er i tvil om at dei vil kunne treffe tunnelopninga.

– Det går ikkje an å fortelje eventyr til folk som har vore på sjøen i alle sine dagar. Dette er trenering, rasar tidlegare redningsskøyteskipper, Magne Sætren i Måløy.

Klart for 18. utgreiing

Stad skipstunnelen skal gjere til at båtane unngår det farlege Stadhavet. Det siste året har forkjemparane venta på at den 17. utgreiinga i rekka skal bli ferdig kvalitetssikra.

Men regjeringa kjem no med ei nyheit som er som eit slag i andletet for dei som vil ha ein skipstunnel på Stad.

Resultatet av den 17. utgreiinga er nemleg endå ei utgreiing. Den vil tidlegast bli ferdig i første kvartal i 2012.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video 1c3f9c74-b284-4d5f-9648-3cc98e54e6df.jpg

SKRINLEGGING: Kystverket la i vinter fram ein rapport som sa nei til bygging av skipstunnelen på Stad. Det fekk forkjemparane til å rase mot regjeringa.

Usikre på om båtane vil treffe holet

Årsaka er ifølgje fiskeriministeren at dei er i tvil om båtane kjem seg gjennom tunnelen i dårleg vêr.

Spørsmålet om stengetid under svært dårlege vèrtilhøve skal ikkje vere tilstrekkeleg svart på i utgreiingane som ligg føre.

– Det har med å gjere om båtane faktisk treff holet, eller straumforhold eller bølgjeforhold, både utanfor og inni tunnelen, seier fiskeriministeren Lisbeth Berg-Hansen til NRK.no.

– Er det ikkje litt merkeleg at dette spørsmålet dukkar opp no?

– Det kan ein seie. Tunnelen er jo absolutt tenkt brukt i dårleg vêr, og då burde den kunne brukast i slikt vêr også. Eg er i alle fall veldig glad for at dette vart avdekka no, slik at vi kan få utgreia det.

Fryktar prosjektet blir ein parodi

Og det er ikkje berre fiskarar og sjøfolk som vert oppterga av fiskeriministeren. Leiar i prosjektgruppa som jobbar for Stad skipstunnel, Kristin Maurstad er oppgitt.

– Eg måtte nesten flire litt for meg sjølv, for no begynner det å bli mange utgreiingar og tida går, seier Kristin Maurstad som også er varaordførar i Vågsøy.

Leiaren i prosjektgruppa fryktar Stad skipstunnelen kan ende opp som ein rein parodi.

– Det er ein fare for at heile prosjektet vert latterleggjort når det blir så mange utgreiingar, seier Maurstad.

– Politisk uvilje

Magne Sætren er ikkje i tvil om at sjøfolka er i stand til å treffe ei tunnelopning. Han trur regjeringa eigentleg ikkje vil byggje ein skipstunnel på Stad.

– Det er politisk uvilje, seier han rasande.