Hopp til innhold

Surt vêr stoppa ikkje sildefesten

Nær 4000 sildeglade trassa surt og kaldt ver og sette seg til bords under årets Sildebord i Florø fredag kveld.

Dei som styrer veret var ikkje i det snillaste laget når dei i går diska opp med 8 grader i kombinasjon med liten kuling i Florø.

Tusenvis trassa ruskeveret

- Det forundrar meg litt, men gledar meg veldig at så mange likevel fann vegen til årets Sildebord, det seier Arild Melvær i Sildekomiteen.

For den første timen av det vel to timars arrangementet kom det mellom 3000 og 4000 menneske til det som vert rekna som verdas lengste sildebord.

- Trass veret så gjekk det veldig bra. Den sterke vinden og lav temperatur gjorde at folk ikkje satt så lenge til bords som dei pleier, så i 20-tida var det ganske tynt i gatene, seier Melvær.

Han trur det er enkle grunnar til at den tradisjonsrike matfesten trekk så mange folk, sjølv om veret er dårleg.

- Eg trur Sildebordet er blitt ein møteplass for folk. Ein kan treffe både gamle og nye vennar i ein uformell setting. Eg trur faktisk ikkje det er verre enn det, seier Melvær som er godt nøgd med årets besøkstal sjølv om dei er eit par tusen under normalen.

Tradisjonssild og Jubileumssild

På årets sildemeny stod både tradisjonelle sildevariantar og to nyheiter.

- Folk kunne ete det dei ville av Nøttesild, Bysild, Nordsjøsild og Kaperssild som alt er ting folk har fått smake på før. Men i tillegg serverte vi Jubileumssild og Sommarsild som er nye i år, fortel Melvær.

For Florø fyller i år 150 år og Jubileumssilda er basert på råvarer som ein også fekk tak i i 1860.

- I tillegg til sild inneheld den blant anna gulrøtter og byggryn.

Har bestilt betre vêr til neste år

I samband med by-jubileumet vart Sildebordet opna av ordføraren i byen, Bente Frøyen Steindal. Og i tru tradisjon vart det også utnemnt ein Sildekonge. I år var det Harald J. Stavang som fekk tittelen.

- Han har dokumentert sildefisket gjennom mange år, og har i tillegg vore ein trufast sildefiskar, seier Melvær om kåringa.

Og sjølv om årets Sildebord fekk ein liten publikumsnedgang på grunn av hustrig ver så legg deg ingen dempar for forventningane til neste år. Sildekomiteen har allereie lagt inn bestillingar på godvêr då.

- Ja, vi skal ikkje ha så mykje vind vertfall, seier ein blid Melvær.