Hopp til innhold

Fryktar dødsulukke i Måløy

Dykkarfirma vurderer å politimelde fiskarar.

Dykkar nesten teken av propell

Fredag vart ein dykkar nesten truffen av ein propell då ein fiskebåt kom inn til kaia i Måløy.

Foto: Bjarne Eldevik

- Vi fryktar at det vil skje ei dødsulukke her, seier styreleiar i West dykkarservice Per Kåre Navekvien.

- Respekterer ikkje dykkarane

Dykkar nesten teken av propell

- Vi fryktar ei dødsulukke om ikkje dykkarane får gjere jobben sin i fred, seier

Foto: Bjarne Eldevik

Fredag føremiddag kom det ein båt som skulle leggje til kai i Måløy. Medan båten kom inn til kaia, var den på veg mot ein dykkar som arbeidde i vatnet.

- Vi held på å reparere ei kai, og har to dykkarar i vatnet heile tida. For at desse skal vere trygge i vatnet har vi tre store, kvite og blå dykkarflagg opp slik at alle skal kunne sjå det. I tillegg er det lanterneføring for undervassarbeid, seier han.

- Pressar seg fram til kaia

I tillegg er det lagt ut melding på AIS, eit system som alle fiskebåtar skal ha.

- Folk respekterer ikkje dykkarflagga eller AIS. Dei kjem med båtane sine og pressar seg fram, fortel Navekvien.

Han seier dei har brukt mykje tid på å jage vekk båtane, men at dette ikkje held i lengda.

Nestenulukker kvar dag

- Vi kan ikkje risikere at nokon av dykkarane vert skadde eller døyr på arbeid. Vi kan få ein båt som køyrer i hjel ein dykkar.

- Har det vore alvorlege nestenulukker?

- Ja, fleire. Det kjem båtar kvar dag. I dag var det ein som kom nesten over dykkaren. Vi klarte å gje beskjed om det, og det gjekk bra, seier Navekvien.

Sperrar kaia

Han seier dykkarane ikkje synest det er noko kjekt å arbeide når båtane ikkje respekterer flagga.

- Ein bør ikkje få styre ein båt om ein ikkje kjenner att eit dykkarflagg, seier han.

No vil selskapet leggje ut bøye dei neste tre vekene for å sprerre heile kaia meddan arbeidet pågår.