Hopp til innhold

To pågripne for kvitvasking

To personar innan fiskeribransjen i Vågsøy er pågripne og mistenkte for kvitvasking av fire millionar kroner.

Video nsps_upload_2009_10_28_18_25_18_4955.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det stadfestar politiadvokat Trude Stanghelle i Økokrim.

- Vi har hatt ein aksjon i distriktet i samarbeid med Skatt Vest. To personar er pågripne og er mistenkte for kvitvasking, seier ho.

Skjulte, svarte inntekter

Lensmannskontoret i Vågsøy.

To personar sit i avhøyr på lensmannskontoret i Vågsøy.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det var tysdag at Økokrim slo til mot bustad og næringsverksemder i Måløy. Stanghelle vil ikkje kommentere kva type næringsverksemder det er tale om. Økokrim gjorde fleire beslag i saka, men politiadvokaten vil ikkje kommentere kva beslag som er gjort.

- Det er mistanke om kvitvasking av pengar som stammar frå næringsdrivande. Det er mistanke om skjulte, svarte inntekter, seier ho.

Fleire blir avhøyrde

Stanghelle seier at dei framleis er tidleg i etterforskinga av saka. Dei to personane sat onsdag i lange avhøyr. Politiadvokaten seier at fleire vil bli avhøyrde i saka.

- Vi avhøyrer dei to pågripne, og vil avhøyre ytterlegare personar og verksemder. Det vert forløpande vurdert varetektsfengsling, opplyser Stanghelle.

Økokrim vil først torsdag ta stilling til om dei to personane som er sikta for kvitvasking av 4 millionar kroner skal framstillast for varetektsfengsling.

Trude Stanghelle (t.v.)

Trude Stanghelle (t.v.) med noko av beslaga dei gjorde tysdag.

Foto: Steinar Lote / NRK