Hopp til innhold

Slår seg sjølv konkurs etter 20 år

Torskeoppdrettaren Nærøsund AS har i dag slått seg sjølve konkurs etter 20 års drift.

Oppdrettstorsk

Illustrasjon

Foto: NRK

Årsaka er tap på 50 millionar kroner, som er eit resultat av bakterien francisella sine herjingar på fisken i anlegget.

LES OGSÅ: Konkursauken flatar ut

- Den har gjeve oss store økonomiske problem over eit par år. No har vi tapt så mykje pengar at vi ikkje har moglegheit til å drive vidare, seier styreleiar og dagleg leiar, Karl-Petter Myklebust.

Gått med overskot

Floraverksemda var eit selskap det var knytt store forventingar til med tanke på å gjere torskeoppdrett til den store næringa i Sogn og Fjordane. Men ein frykta og dødeleg torskebakterie, tok også knekken på torskeoppdrettaren. Myklebust seier verksemda har vore ei solid verksemd, med overskot i mange år til til bakterien vart påvist i 2008.

- Vi måtte gje oss på topp. Vi har hatt topp motiverte tilsette, gode anlegg og gode lokalitetar. Det er difor ekstra vemodig at dette skjer, seier Myklebust.

- Smitta kom med stamfisk

Nærøysund har det siste året hatt ei sak gåande mot Havforskningsinstituttet og Regjeringsadvokaten. Dei meiner å kunne dokumentere at smitten har komme på stamfisk som dei har fått frå instituttet. Dei to har samarbeidd sidan 1995 om levering av yngel.

- Vi meiner dei har hatt smitte i fisken i deira anlegg før dei leverte til oss. Det har ikkje vore francisella i Sogn og Fjordane før vi fekk det påvist i anlegget vårt, seier Myklebust.

Vonar på oppstart

- Den saka blir følgt opp fordi den har gjeve oss så store konsekvensar, held Myklebust fram. Han vonar at dersom erstatningsspørsmålet fører fram, så kan det bety oppstart att for oppdrettsanlegget.

- Det håpar vi på vegne av dei tilsette. Samstundes viktig at utvikler nye vaksiner mot denne alvorlege torskesjukdomen, seier han.