SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
3.350 innbyggjarar
Politisk karakteristikk
Ordføreren fra Venstre har hatt ein sterk posisjon i Ølen sidan 80-talet. Dominikus Bjordal har vore ordførar i tilsaman fire periodar. Ellers har Sp hatt ordføraren.
Valet denne gongen gjeld berre for to år. Ved Stortingsvalet i 2005 skal det arrangerast eige kommuneval i Ølen og Vindafjord. Det skjer sidan kommunane offisielt skal slåast saman 1.1.2006
Politisk situasjon
Arne Bergsvåg, Sp, har ordførarvervet. Varaordfører fra Vikebygd bygdeliste, Ståle Jordal. Dei overtok makta, sjølv om det var Ap som gjorde det klart beste valet i -99.
Terje Hermansen og Ap gjorde eit svært godt val i 1999. Då var ei av valkampsakene å behalde Ølen i Hordaland.
Kommunestyret 1999-2003
Det er 21 medlemmer i kommunestyret.
Ap-6, Sp-3, KrF-3, V-1, H-2, FrP-1, Bjoa Bl-2, Vikebygd Bl-3
Vallister 2003
Det er tilsaman 7 parti som stiller lister kommunevalet. Venstre er vekke sidan sist, men begge bygdelistene består.
I tillegg er det tre lister til direkte ordførarval. Terje Halleland, FrP, Arne Bergsvåg, Sp, og Rune Hetland, Vikebygd bygdeliste er toppkandidatar. Arne Bergsvåg stiller for konstellasjonen Sp, H og KrF. Rune Hetland for Vikebygd Bygdeliste, Bjoa Bygdeliste og Ap.
Aktuelle kandidatar
Dominikus Bjordal, mangeårig ordførar, er tilbake i politikken igjen. Nå har han skifta ut Venstre med Vikebygd Bygdeliste. Han er ikkje aktuell som ordførar sidan det er direkte val på ordførar i Ølen.
Rune Hetland, Ap, er leiar av Landslaget for Lokalaviser. Han har tidlegare stått på Venstre si liste, men går nå over på Vikebygd Bygdeliste. Han stiller som kandidat til det direkte ordførarvalet.
Aktuelle saker
Tilpasning til storkommune saman med Vindafjord blir nok ei viktig sak. Kva skal leggjast ned og kva skal haldast oppe? Konkurranseutsetting av kommunal virksomhet.
Valstatistikk
Val-95: Ap-2, Sp-4, KrF-3, V-4, H-3, Bjoa Bl-2, Vikebygd Bl-3
Val-99: Ap-6, Sp-3, KrF-3, V-1, H-2, Bjoa Bl-2, Vikebygd Bl-3, FrP-1.