SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
13.500 innbyggjarar
Politisk karakteristikk
Denne perioden har det vore eit valteknisk samarbeid, Ap, KrF, Sp og V. Det var det også sist periode. Arbeiderpartiet har vore klart største parti.
Politisk situasjon
Denne perioden har Marit Myklebust, Ap, vore ordførar. Varaordførar John Mong, KrF. Han stiller ikkje til gjenval. Ap og ordførar Myklebust gjorde eit svært godt val i -99 og fekk 37.5% av stemmene.
Det nye nå er at FrP stiller med ordførarkandidat, Sigvart Bilstad. SV stiller også liste i Eigersund for første gong sidan valet i 1991.
Kommunestyret 1999-2003
Det er 45 medlemmer. Ap-18, Sp-3, KrF-8, V-3, H-9, FrP-4
Lister -03
Det er sju lister, Ap, SV, Sp, KrF, V, H og FrP
Aktuelle kandidatar
Sigvart Bilstad, FrP. Han er ein markert politikar med bakgrunn frå sekretærjobbing hos Carl I. Hagen i Oslo. Roger Rasmussen stiller i spissen for nystarta liste for SV.
Marit Myklebust fortset som ordførarkandidat etter 6 år i ordførarstolen.
Aktuelle saker
Eigersund har satsa kraftig på utbygging av institusjonar for eldre og sjuke. Dette har ført kommunen ut i eit uføre økonomisk. Einaste måten å berge økonomien på er å selge eigedelane i Lyse Energi eller Dalane Energi. Dette salet pågår nå.
Ellers er Eigersund i ein spesiell situasjon etter nedbygginga av Bakkebø sentralinstitusjon for psykisk utviklingshemma. Etter det overtok kommunen ansvaret for dei tilsette og også for mange av bebuarane på Bakkebø. Dette har gitt kommunen utfordringar som det ikkje er så mange andre kommunar som har.
Fiskeri vil alltid vera ei viktig sak i Eigersund. Sildemjølindustrien, fiskeforedling og fiskeflåten.
Hjørnesteinsbedrifta Kværner Eigersund har slite med oppdrag. Nå er dei berga for ei stund, men det kan raskt bli ordretørke igjen. På den andre sida ser det ut som dei klarer seg, truleg på bekostning av Kværner Rosenberg.
Valstatistikk
Val-91: Ap-16, Sp-6, KrF-7, V-3, H-9, FrP-2, SV-2(49)
Val-95: Ap-16, Sp-5, KrF-9, V-4, H-8, Frp-3 (45)
Val-99: Ap-18, Sp-3, KrF-8, V-3, H-9, Frp-4 (45)