skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Val 2005 M&R 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Val 2005 Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:01
 

Frp er vinnaren - Ap hakk i hæl

Harald Tom Nesvik og Frp er dei store vinnarane. (Foto: Ivar Eidheim)
Harald Tom Nesvik og Frp er dei store vinnarane. (Foto: Ivar Eidheim)
Framstegspartiet er den store valvinnaren i fylket, men også Arbeidarpartiet går kraftig fram.

Publisert 12.09.2005 23:13. Oppdatert 13.09.2005 02:30.
Sjå resultatet for Møre og Romsdal her!

Asmund Kristoffersen er inne for Ap (Foto: Ivar Eidheim)
Arbeidarpartiet hadde kl 02 i natt vel 300 røyster færre enn Frp. I prosent betyr det Ap 26,1, Frp 26,3 prosent. Framstegspartiet hadde også den klart største framgangen sidan forrige stortingsval med 9,1 prosentpoeng. Ap hadde også stor framgang med 6,5 prosentpoeng.

Men valresultatet tyder ikkje på at verken Frp eller Ap får fleire mandat enn dei fekk etter 2001-valet. Det inneber at desse partia får to mandat kvar.



Klokka 02 i natt tyder teljinga på at berre Venstre får auka representasjon frå fylket.

Leif Helge Kongshaug er inne igjen for Venstre (Foto: Rune A. Hansen, NRK)
Partiet har ikkje hatt nokon stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal den siste perioden, men no ser det ut til at Leif Helge Kongshaug igjen kan ta sete på Mørebenken.

Medan han er sjuk blir Venstre representert av Gunn Berit Gjerde.

KrF er den største taparen, og misser eitt av sine to mandat.

Også Høgre går tilbake og misser eitt mandat.

Elisabeth Røbekk Nørve (H) smilte tappert, men må innsjå at det ikkje blir stortingsplass denne gongen. May Helen Molvær Grimstad i bakgrunnen får halde fram for KrF. (Foto: Ivar Eidheim)


Ved midnatt såg det ut til at SV framleis blir representert frå Møre og Romsdal, gjennom utjamningsmandatet.

Dette har endra seg fleire gongar i løpet av måndag kveld, og er framleis ikkje heilt sikkert.

– E æ inne? E du sekker? Bjørn Jacobsen (SV) er truleg til slutt inne på utjamningsmandat. (Foto: Ivar Eidheim)
– E æ inne? E du sekker? Bjørn Jacobsen (SV) er truleg til slutt inne på utjamningsmandat. (Foto: Ivar Eidheim)
LENKER

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Her er den nye Mørebenken

Den nye Mørebenken (Montasje, NRK)
Desse ni er valt inn i Stortingsvalet 2005, og skal representere Møre og Romsdal dei neste fire åra.

– Lettare for Sp med svakare SV

Fylkesleiar i Senterpartiet, Kåre Hanken, meiner det blir lettare for partiet å gå inn i den nye regjeringa etter at SV gjekk kraftig tilbake.

– Bondevik gjorde moldenserne litt stoltere

Med statsminister Kjell Magne Bondeviks exit forsvinner Moldes store sønn ut av den politiske arena. Byen blir en viktig ambassadør fattigere.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Listetoppane på radio

Måndag og torsdag i vekene før valet var toppkandidatar frå vallistene gjestar i NRK Møre og Romsdal sine ettermiddagssendingar.

Nettmøte med listetoppane

NRK Møre og Romsdal har arrangert nettmøte med sju av topp-kandidatane på listene til Stortingsvalet her i fylket.Her finn du kva dei har svart på spørsmål frå veljarane.

Stortingsvalet 2005: dette bør du vite

Det blir færre frå Møre og Romsdal på Stortinget enn før. Les om følgjene av den nye valordninga:

Stortingsvalet 2001 og Mørebenken 2001-2005

I 2001 jubla Høgre, FrP og SV over framgang, men KrF var blitt det største partiet i Møre og Romsdal.

NRK.no/nyheter gir deg oversikten over hva partiene mener om de viktigste politiske sakene.

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no