skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Gjelsten vann opninga i offshore-VM

Bjørn Rune Gjelsten gjorde eit strålande comeback med "Spirit of Norway" i helga, etter at han hadde pause frå offshore-sporten i fjor. No er han blant VM-favorittane.

Av Odd Sørås. Publisert 02.05.2006 12:11.


"Spirit of Norway" på veg mot siger i Qatar. Foto: Fadi Alassaad, REUTERS/SCANPIX


I offshore-VM i Qatar laurdag leidde Bjørn Rune Gjelsten og Steve Curtis, throttlemannen hans, heile løpet og auka avstanden til dei andre runde for runde. Det skilde til slutt 12 sekund til neste konkurrent.


Perfekt

Bjørn Rune Gjelsten etter sigeren i VM-runden 29. april. Foto: Fadi Alassaad, REUTERS/SCANPIX
Gjelsten sa etter løpet at det hadde vore nesten perfekt, dei gjorde berre eit par småfeil undervegs. Heile laget har arbeidd hardt i vinter, og det er gjort nokre endringar med båten. Den er no betre enn før, seier Gjelsten.





Favoritt

Gjelsten har fire VM-titlar og 27 sigrar i enkeltrundar å sjå tilbake på. Når han dessutan har ein av dei aller beste båtane i meisterskapen, unngår han ikkje favorittstemplet.





"Spirit of Norway"

Båten til Bjørn Rune Gjelsten har vunne VM dei fire siste åra. I fjor var østfoldingen Bård Eker pilot. No har Gjelsten kjøpt "Spirit of Norway" tilbake og altså gjort fleire endringar med han.

Med på kjøpet fekk han throttlemann Steve Curtis, som har vore fast i "Spirit of Norway" i mange år. Det er to mann om bord i ein offshorebåt: Piloten styrer og navigerer, og throttlemannen passar gassen og trimmar balansen til båten.

Neste runde i offshore-VM skal køyrast same staden i helga som kjem.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no