Børge Søvik frå Rauma opna verdscupen i telemarkkøyring i Kobla, Slovenia med siger både laurdag og søndag.
I begge konkurransane utklassa han konkurrentane.
Kjetil Søvik hadde sin debut som landslagssjef i helga, og han var veldig godt nøgd med lillebror Børge, sjølv om han ikkje er overraska over at broren køyrer bra.
– Men at han ligg såpass langt framfor er kanskje litt overraskande, seier Kjetil Søvik.