skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Normark sparka frå AaFK

Aalesunds Fotballklubb har sparka trenar Ivar Morten Normark. I kveld er partane blitt samde om å avslutte kontrakten.

Publisert 03.11.2005 09:39. Oppdatert 03.11.2005 19:58.
SE OGSÅ:
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Arne Flatin og Ivar Eidheim.

Ivar Morten Normark. Foto: Alf-Jørgen Tyssing, NRK
Først godtok ikkje Normark oppseiinga etter han i sommar skreiv under ein ny treårskontrakt for klubben.

Normark engasjerte advokat gjennom trenarforbundet. I formiddag sa han at han ville halde fram med å møte på jobb og at han framleis såg på seg sjølv som trenar for AaFK.

Takka

Etter eit tre timar langt møte i kveld kunne partane litt før klokka 19 fortelje at dei hadde blitt samde om å avslutte kontrakten.

Etter møtet nytta Normark høvet til å takke for fem år i AaFK som han har sett umåteleg pris på.

Overraska

Normark har vore trenar for AaFK dei siste fem sesongane, og er overraska over at han fekk sparken.
– Eg såg ikkje det kome, eg blei ganske overraska, sa han i formiddag og viste til at han akkurat hadde byrja i den nye kontrakten.

Fleirtal blant spelarane

NRK snakka med fleire av AaFK sine spelarar i dag. Eirik Hoseth sit i spelarutvalet saman med Christian Steen og Peter Werni. Hoseth seier at det var eit klart fleirtal av spelarane som ønskte ny trenar.

Hoseth seier også at dette er ein trist dag på mange måtar og understrekar at Normark har gjort veldig mykje bra for klubben.

Normark vil ikkje svare på kva han synest om at han har så klar mistillit i spelargruppa.
– Det har eg ingen kommentar til, sa han i formiddag.

Forhandlingsmøtet

Styreleiar i AaFK, Arne Aambakk, sa i kveld at det aldri var aktuelt å gå tilbake på avgjerda om å seie opp Normark. Forhandlingsmøtet i kveld handla berre om å finne ei konstruktiv løysing, seier han.

Veit ikkje kva han skal gjere

Bodø/Glimt har bestemt seg for å skaffe ny trenar. Normark har spelt for klubben tidlegare og vore knyta opp mot fleire gonger, men det ofra ikkje Normark ein tanke i dag.

– Nei, eg har meir enn nok her i Ålesund å tenkje på no om eg ikkje skal tenkje på andre klubbar også, sa Normark i formiddag.

Heller ikkje i kveld, etter at kontrakten er oppheva, ville han seie noko om kva han skal gjere framover.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no