Av: Pål Bakke og Øyvind Johan Heggstad
Denne veka har Aalesunds Fotballklubb starta arbeidet med å renske spelarstallen etter det skuffande nedrykket til 1. divisjon.
I tillegg til Fagermo, dos Santos og Ekeberg vil truleg endå fleire spelarar få beskjed om at dei ikkje er med i klubben sine framtidsplanar.
Klubben skal kutte kostnader og 11 av dei 29 spelarane i troppen står utan kontrakt neste sesong.
Resten av lista ser slik ut: Abdoulaye M'baye, Morten Moldskred, Bechara Oliveira, Paulo dos Santos, Christian Steen, Kim Deinoff, Marius Aam, Jon Braathen og Eamon Zayed,
|
Eamon Zayed |
Dyr ire
Når det gjeld iren Eamon Zayed, heng hans vidare framtid i klubben i ein tynn tråd. Spelaren kosta klubben ein million kroner, og han spelte berre 17 minutter som innbytter. Han har ikkje innfridd.
Klubben har opsjon på kjøp, men vil neppe nytte seg av den, seier dagleg leiar Henrik Hoff.