skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Får kritikk for armband-sal

AaFK sitt nye armband skaper debatt. (Foto: AaFK)
AaFK sitt nye armband skaper debatt. (Foto: AaFK)
AaFK lanserer sitt eige oransje armband, der 20 prosent av salsinntektene skal gå til Barneavdelinga ved Ålesund sjukehus.

Publisert 19.10.2005 11:28.
Av Anne-Bente Skjellum og Ivar Eidheim.

Armbandet er av same type som folk kan kjøpe til inntekt for kreftsaka eller andre velgjerande formål, og skal koste 30 kroner.

– 20 prosent ikkje nok

No reagerer folk på AaFK sitt diskusjonsforum, Speakers Corner, over at berre 20 prosent av inntektene skal gå til Barneavdelinga. Mange meiner at 50 prosent hadde vore betre.

Dagleg leiar i AaFK, Henrik Hoff, meiner folk av og til uttaler seg på forumet utan å kjenne fakta.

Henrik Hoff (Foto: Gorm Kallestad / Scanpix)

– Tener veldig lite

Ifølgje Hoff har AaFK kjøpt inn 2000 armband for 3,50 kroner stykket. Dei fleste sel dei vidare til butikkar for 14 kroner.

Sjølv om klubben då ikkje tek full pris, er det likevel utsalsprisen på 30 kroner som blir teljande for barneavdelinga på sjukehuset.
– AaFK tener veldig lite på dette, seier Hoff.

– Ville tapt pengar

Han meiner at AaFK ville tapt pengar dersom dei skulle gje bort 50 prosent av inntektene, slik mange meiner.
AaFK ville hatt underskot på salet berre ved å auke gåveandelen frå 20 til 30 prosent, seier Hoff.

– Aafk har ikkje dette armbandet for å tene pengar, men fordi supportarane har etterspurt det, seier han

Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no