-Hødd må trene annleisHødd-trenaren meiner dei må byrje å trene på dagtid dersom dei skal ta steget opp frå midtsjiktet av tabellen. Publisert 07.10.2005 15:22. Oppdatert 07.10.2005 15:28.Hødd-trenar Stig Monsen meiner dei må innføre treningar på dagtid, dersom dei skal kunne ta steget opp frå midtsjiktet av 1.divisjon.
Meir treningSøndag skal høddarane møte Strømsgodset, og mykje tyder på at Hødd hamnar midt på tabellen også i år. Trenar Stig Monsen meiner store omleggingar må til for at Hødd skal blir eit topplag. -Om ikkje vi klarer å få til to treningar kvar dag, så kanskje i alle fall nokre dagar i veka, seier Monsen. -Vi må ikkje gå for fort fram heller, seier han.
Lite budsjettNår Hødd-spelararne møter på trening klokka halv fem om ettermiddagen er konkurrentane i Stabæk ferdige med dagens økt nummer to. Stabæk har eit budsjett på 28 millionar kroner. Hødd har seks millionar. -Utifrå rammene vi har, må eg seie at Hødd gjer ein veldig bra jobb, seier Monsen.
Med siger har Hødd gode sjansar til å hamne blant dei åtte beste, noko som betyr at dei får delta på La Manga til vinteren. -Det er heilt klart eit mål for oss, og sjansen er der absolutt, avsluttar Monsen.
Siste saker:
|