AaFK er sist på tabellen i Tippeligaen, men Normark meiner han definitivt er rette mannen til å leie laget vidare.
– Fordi vi har vist gjennom store delar av sesongen at vi kan spele god fotball, at vi kan skape målsjansar, at vi er eit vanskeleg lag å skåre på. Og så er det berre slik at når det handlar om menneske så viser det seg at det er variablar ute og går, seier Normark.
– Men dette har du sagt i heile år, Nordmark.
– Ja, men eg trur på det.
– Det sa du i 2003 også.
– Ja, men eg gjer det framleis.
– Korleis kan du tru på det?
– Fordi eg veit at det fungerer.