| |
Dadi får kontraktAalesunds Fotballklubb har i dag bestemt seg for å tilby franskafrikanaren Eugene Dadi kontrakt. Publisert 05.08.2005 12:56. Dadi er angrepsspelar i engelske Tranmere Rovers og kjem opphavleg frå Elfenbeinskysten.
AaFK ventar eit svar frå Dadi i løpet av helga, slik at han kan verte speleklar til kampen mot Vålerenga neste helg.
Dadi har vore på trening med AaFK ein periode, og har også spelt i Austerrike, Frankrike og Skottland.
Dagleg leiar Henrik Hoff seier han sender over eit kontraktsforslag til agenten i dag. Den sportslege leiinga i klubben trur Dadi kan bidra i klubben i år og neste år. Dermed får han truleg tilbod om ein toårsavtale med AaFK.
Hoff seier han tek ei runde med agenten i løpet av helga. Håpet er at Eugene Dadi er klar til kampen mot Vålerenga laurdag 13.august.
Siste saker:
|
|
|
| |
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|
|
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|