Hødd vidare i cupenHødd er klar for 3.runde i fotball- NM etter 5-1 på Høddvoll torsdag kveld. Før pause hadde Hødd store problem med 2.divisjonslaget Hovding frå Bergen. Tommy Sylte sette ny fart i Hødd-laget då han kom inn etter pause. Av Arne Flatin. Publisert 19.05.2005 20:55. Hødd tok oppskriftsmessig leiinga tidleg i kampen ved Nils Ottar Sandø som krangla ballen i mål. Overraskande var det likevel at botnlaget i 2.divisjon, Hovding, utlikna 10 minutt før pause. I tillegg hadde hordalendingane eit par andre store sjansar.
Etter pause måtte det eit straffespark til før Hødd fekk fart på sakene. Innbyttar Stig Haugland vart soleklart felt av keeper og Geir Televik sette ballen sikkert i mål.
Losna for Hødd Etter dette losna det for Hødd samtidig som Hovding fekk utvist ein spelar. Innbyttarane Tommy Sylte og Stig Haugland gav Hødd ekstra trykk fram over på bana, og scora kvar sitt mål før Andre Nevstad sette punktum med 5-1 med ei heading frå kort hald.
Speaker opplyste om 183 tilskodarar på Høddvoll, men NRK kunne sjøl telje seg fram til minst det dobbelte.
Hødd sitt lag: Myklebust, Nerbø, Stavseng, Gjørtz (Halkjelsvik), Giske, Sandal (Sylte), Nevstad, Leira, Sandø, Vaagen (Haugland), Televik.
Dommar: Geir Tjervåg.
Siste saker:
|