|
Adin Brown |
Aalesund-keeper Adin Brown stod ein imponerande kamp i målet til AaFK i opningskampen mot Odd Grenland laurdag.
Han heldt laget inne i kampen då det låg under 1-0, og til slutt kunne han sjå at AaFK vann 2-1.
– Adin Brown må vere verdas beste i dag, sa Odd-trenar Arne Sandstø etter kampen.
Sjølv er Adin Brown ein heller beskjeden mann, og han vil ikkje vere med på at han er verdas beste. Han seier at fleire ballar berre traff han, men vedgår likevel at han spelte ein god kamp.
– Eg hadde mykje flaks. Eg vil hugse dette resten av livet som noko spesielt. Å få dei to måla på to minutt er heilt utruleg, sa Adin Brown etter at kampen var over.