skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Hødd mangla sting

Nils Ottar Sandø
Nils Ottar Sandø
Hødd leverte ein svak seriepremiere i ein dårleg kamp på heimebane mot Mandalskameratene onsdag kveld og tapte 1-0.
Hødd skapte få målsjansar, men pressa hardt på etter pause for å få eit utlikningsmål. Hødd-trenar Stig Monsen var svært skuffa etter kampen.

Publisert 14.04.2005 07:37.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Nils Ottar Sandø hadde Hødd's aller største sjanse då han kom gjennom på kanten av 16-meteren på overtid, men den tidlegare AaFK-spissen sette ballen på utsida av målet.

Sleip bane

1.omgang var prega av få målsjansar til begge lag på ei sleip bane. Hødd-trenar Stig Monsen var meir fornøgd med 2.omgang og fekk meir fart i angrepet med Nils Ottar Sandø som erstatta Stig Haugland. Også Anders Vaagen og Erik Sandal som kom inn etter pause viste at Hødd har ein brei og god stall.

Billeg frispark

Likevel var saknet av Dag Roar Ørsal og Magnus Myklebust merkbart i går. Duoen laga 31 av Hødd's seriemål i fjor. Det seier seg sjølv at det kan verte vanskeleg å erstatte desse to. Verken spissveteran Geir Televik eller makker Stig Haugland fekk til mykje i 1.omgang, og det var MK som scora det einaste målet. På eit litt billeg frispark frå 20 meter vart ballen sett i nota bak ein utmanøvrert Hødd-keeper. Frisparket frå Brian Waltrip gjekk rett gjennom Hødd-muren og i mål.

Hødd dominerte banespelet etter pause, men skapte ikkje nok innanfor 16-meteren til sørlandslaget som dermed kunne hale i land ein taktisk siger.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM HØDD
Siste saker:
Flere saker: ALT OM SUNNMØRE

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no