skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Klar for Lerkendal

Aalesund møter Rosenborg på Lerkendal i sesongopninga i tippeligaen søndag. -Nervepirrande, men artig, seier AaFK-trenar Ivar Morten Normark

Publisert 08.04.2005 13:43.



Hoppar i det med begge beina

Spenning og forhåpningar pregar både trenar, spelarar og alle fotballinteresserte i Ålesund to dagar før seriestart.

- Vi er førebudde på hoppe i det med begge beina, seier ein oppglødd Ivar Morten Normark før kampen mot Rosenborg.

Aalesund har hatt ein dårleg start på sesongen og har fått kritikk for ikkje å ha kjøpt inn gode nok spelarar. Klubben har skaffa seg midtbanespelaren Karl Oskar Fjørtoft frå svenske Hammarby, men det er usikkert når han er speleklar.

Nedrykk for to år sidan

For to år siden debuterte AaFK i Tippeligaen med 3-2 tap heime mot Tromsø. Laget kjempa i botnstriden heile sesongen, men klarte ikkje å berge seg.

Det var nettopp på Lerkendal at nedrykket ble avgjort etter at Tromsø slo Rosenborg med eit mål fleire minutt på overtid.

Rosenborg har vore det suverent beste klubblaget i Norge i ei årrekke, men laget har tapt to av dei fire siste seriepremierane.

- Det kan jo vere ein god statistikk å ta med seg, seier Normark.

Spiss-situasjonen

Tor Hogne Aarøy
AaFK sin spiss-situasjon har og vore i søkelyset før seriestart. Både Lasse Olsen og nyinnkjøpte Abdoulaye M`baye har imponert trenar Ivar Morten Normark.

Normark held korta tett til brystet og vil ikkje seie kven som får spissjobben mot Rosenborg.

Men både høge Tor Hogne Aarøy og raske Morten Molskred er med i troppa mot Rosenborg. Begge har vore ute på grunn av skade - Aarøy mista halve fjoråssesongen.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no