Fredrikstadspelar Stian Johnsen har fått tilbod om kontrakt med Aalesunds Fotballklubb. Johnsen har enno ikkje bestemt seg for om han takkar ja.
23-år gamle Stian Johnsen har nett signert ei to-års kontrakt med Fredrikstad, men Aalesund sin hovudtrenar, Ivar Morten Normark, ser likevel ikkje bort ifrå at Johnsen kan spele for Aalesund denne sesongen.
|
Stian Johnsen (venstre), Adin Brown (midten), Abdoulaye Mbaye (høgre) |
For mange
–Fredrikstad ser at dei har for mange spelarar og har tydelegvis innsett at økonomi set sine begrenisningar, derfor har dei sagt ifrå til nokre av spelarane sine at dei står fritt til å kike seg om etter andre klubbar. Stian Johnsen er ein av dei, opplyser Normark.
Venstrebeint
Johnsen er venstrebeint og kan spele både i forsvar, på midtbana og i angrep. Dette er kvalitetar Ivar Morten Normark meiner Aalesund kan få stor nytte av.
Stian Johnsen har kort tid på seg til å avgjere om han vil gå til AaFK. Klubben forventar eit svar allereie innan eit par dagar.
|
Stian Johnsen har fått tilbod om kontrakt med Aafk. Foto: Alf-Jørgen Tyssing, NRK. |
Avklaring
–Eg må avklare situasjonen med familien og med Fredrikstad, så akkurat no kan eg ikkje seie kva eg kjem til å svare på tilbodet om kontrakt, seier Johnsen.
Mbaye
Det er heller ikkje avklart om 31 år gamle Abdoulaye Mbaye skal spele for Aalesund i år. Angrepsspelaren var med frå start då Aalesund spelte 1-1 mot Stabæk i helga, og sjølv om Ivar Morten Normark då likte det han såg, har han enno ikkje tilbudt senegalesaren kontrakt.
– Han skal vere her nokre dagar til før vi bestemmer oss, seier Normark.