Statsminister og Molde-supporter Kjell Magne Bondevik har takka nei til å vere med på opninga av Color Line Stadion i Ålesund laurdag 16. april.
Det utløyste jubel i AaFK sin supporterklubb "Stormen".
Av
Pål Bakke og
Ivar Eidheim.
Talsmann for "Stormen", Knut-Otto Nogva, seier meldinga blei møtt med stormande jubel. Han meiner det ville vere lite passande å setje Bondevik til å opne det nye AaFK-stadionet.
– Han er jo Molde-supporter, og det er jo det som er hat-klubben vår i tippeligaen, seier Nogva.
– Ville blitt pipekonsert
|
Kjell Magne Bondevik (Foto: NRK) |
Statsministeren var invitert til opninga av Aalesund si nye storstove laurdag 16. april. Men sutringa frå opposisjonen ville nok bli som blåbær å rekne samanlikna med pipekonserten moldensaren Bondevik ville blitt møtt med frå fullsette tribuner, trur Aalesund-supporterane.
Statsministerens kontor stadfestar at Bondevik ikkje kjem til opninga, men om det er fordi han er redd for å gå inn i "løvens hule", vil dei ikkje seie noko om.
Folkefest
Folkefest blir det i alle fall frå morgon til kveld når stadionet skal opnast. Seinare i dag blir programmet for feiringa lagt fram. Det er venta at Ålesund kjem til å stå på hovudet både før og etter kampen mot Odd Grenland.