skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Artisten Fjørtoft

29 år gamle Karl Oskar Fjørtoft kan bli Tippeligaens beste spelar i år. Han er som skapt for nye Color Line stadion og kan løfte Aalesund frå botnsjikt til midtsjikt på tabellen.

Publisert 18.01.2005 08:05. Oppdatert 18.01.2005 10:34.
SE OGSÅ:
ALT OM:
Kommentar: Arne Flatin.

AaFK-tilhengarane har venta på at klubben skulle hente inn nye spelarar til ein tøff sesong i Tippeligaen. Karl Oskar Fjørtoft har vore på vent lenge, og i går fall ein av dei siste bitane på plass då Hammarby og AaFK vart samde om ein overgang. No gjenstår den viktigaste biten: Å få Karl Oskar Fjørtoft tilbake på fotballbana i god gammal form.

Frå Hødd til Lerkendal

Karl Oskar Fjørtoft kjem til AaFK frå Hammarby
Det er over 10 år sidan tenåringen frå Fjørtofta var med på å spele Hødd opp i Tippeligaen. Han vart ein suksess i vår øvste serie i 1995 og kom med på årets lag i landets største avis. Ambisjonane var høge, og ingen andre enn suverene Rosenborg henta Karl Oskar frå Høddvoll til Lerkendal.

Blomstra i Molde

Han fekk aldri tillit under Nils Arne Eggen men blomstra seinare i erkerivalen Molde. I fleire sesongar var han artisten på eit Molde-lag som kjempa i toppen av Tippeligaen. Eit fantastisk blikk for spelet, strålande pasningar, framdrift og velplasserte avslutningar var eit varemerke for teknikaren.

Vil løfte AaFK

Akkurat det same kan AaFK-publikum få oppleve i år, dersom Karl Oskar kjem tilbake etter smellen han fekk i september i fjor. Han kan verte den kanskje mest framtredande spelaren på norske fotballbaner i år, og nye Color Line Stadion passar ballelegeanten perfekt. Her får han hovudrolla i ein manesje som vert fullpakka med publikum kamp etter kamp. Her kan han boltre seg og danse forbi forsvarsspelarar som kjem alt for seint inn i taklingane, og løfte Ålesund frå botnkamp til midtsjiktet på tabellen.

Til NRK Møre og Romsdal sa Karl Oskar i går ettermiddag at han var letta over at klubbane no var samde om ein overgang.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no