Lokaloppgjeret mellom Aalesund og Hødd blei ei utfordring for dei med ansvar for tryggleiken på Kråmyra stadion laurdag. AaFK tapte 2-1, og kampen var prega av sterke kjensler. Dommar Kjetil Sælen viste ut tre spelarar, og måtte etter kampen ha hjelp frå fire vakter for å kome seg i garderoben.
Tryggleiksansvarleg i AaFK, Øyvind Vebenstad, var førebudd på at dette kunne skje.
6.500 meir eller mindre elleville tilskodarar hadde møtt opp på Kråmyra i Ålesund denne laurdagen. Dei fleste ålesundarane trudde heimelaget ville vinne, men slik gjekk det altså ikkje.
På bana blei kjenslene like sterke. Tre raude kort blei resultatet. Heimepublikum ga dommaren mykje av skulda, og han måtte altså følgjast av vakter for å få seg ein dusj etter kampen.
Vebenstad og dei andre omlag 50 som var på plass for å hindre tumultar hadde førebudd seg godt. Sjølv om dei helst hadde sett at ukvemsorda var usagt, er dette noko ein må rekne med, meiner Vebenstad, som er mest opptatt av at dei tryggleiksmessig kan takle kampar som inneber sterke kjensler.