skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Nei, nei og atter nei

Hødd avslo i går for tredje gong eit tilbod frå Molde om å få leige midtbanespelaren André Nevstad.

Publisert 04.08.2004 08:34.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Styreleiar i Hødd Nordvest, Tore Roppen, seier hovudgrunnen var at Molde ikkje klarte å tilby spelarar i retur for å kompensere for tapet av Nevstad.

Dermed må Molde framleis leite etter forsterkningar.

Låg profil

Nevstad sjølv har halde ein låg profil medan forhandlingane har pågått, men no vedgår han at det hadde vore kjekt å få prøvt seg i Tippeligaen.

Men når klubbane ikkje blei samde, aksepterer han avgjerda.

Når ein leigeavtale med Molde ville vere interessant for Nevstad, viser Nevstad til at han har blitt 32 år, og ikkje kan rekne med fleire sjansar som dette i framtida.

Til tider tøft

- Etter 550 A-kampar og 15 sesongar i Hødd kunne det vere artig å måle krefter med dei beste spelarane i landet, skriv Nevstad i ei pressemelding.

Sidan hausten 1995 har Nevstad også hatt sivil jobb på Høddvoll, i tillegg til å vere spelar.

- Dette har ført til lange dagar, og eit avbrekk på tre månader kunne gitt eit pusterom, nye krefter og impulsar, seier Nevstad.

Han trur og og eit opphald i MFK kunne gitt erfaringar som kunne kome Hødd til nytte på sikt.

Lojal

Nevstad stiller og sprøsmålet om han har hatt ein for sterk posisjon i klubben.

- Hødd kunne hatt godt av tre månader med "Andrè-fri", slik at andre personar kunne stått fram og fått tillitt og større ansvar, seier Nevstad.

Men Nevstad har vore, og er lojal, og forstår at leiinga i Hødd har vurdert det slik at avgjerda er til det beste for klubben.

Sjølv om vedgår at han er skuffa, lovar han å framleis gi alt for Hødd.

- Det blir aldri ein nedtur å dra på seg Hødd-trøya, seier Nevstad.

Haustsesongen

Han trur haustsesongen blir spanande for både Hødd, Molde FK og Aalesund FK.

Tipset frå Nevstad er at både MFK og AaFK spelar i Tippeligaen i 2005, og at Hødd bergar plassen i 1.divisjon med god margin.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM HØDD
Siste saker:
Flere saker: ALT OM SUNNMØRE

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no