Viktig Hødd-siger | Magnus Myklebust. Her i ein kamp tidlegare i år. Foto:Arne Flatin |
Hødd tok tre svært viktige poeng i botnstriden onsdag kveld, etter 1-0 over Moss på Høddvoll. Av Arne Flatin. Publisert 16.06.2004 21:44. Målet kom tidleg i kampen då Magnus Myklebust runda keeper og sende ballen mot mål. Ein mosse-forsvarar fekk måka ballen ut att, men assistentdommar Sindre Eikrem stod godt plassert. Han markerte at ballen hadde vore bak mållinja- og dermed 1-0 til Hødd.
Fortent siger Hødd hadde mange store sjansar kampen gjennom, men greidde ikkje å utnytte dei. Også Moss var farleg frampå nokre gonger. Totalt sett var det likevel ein fullt fortent siger til Hødd som no har 11 poeng. Dårlegare målforskjel enn Raufoss gjer at Hødd er på feil side av streken. Likevel har laget no kontakt opp til både Hønefoss og Haugesund som begge har 13 poeng.
Viktige heimekampar Dei to neste heimekampane vert kjempeviktige for Hødd. På søndag er botnlaget Tromsdalen motstandar. Eit lag som tapte heime for Mandalskam. onsdag kveld. Om to veker er eit anna botnlag, Vard Haugesund, gjester på Høddvoll.
Skal Hødd overleve i 1.divisjon må det verte full pott i desse kampane.
Nevstad suveren Best på Hødd mot Moss var stopparane Sindre Eid og Georg Aursnes. Andre Nevstad var suveren på midtbana, saman med Dag Roar Ørsal medan Magnus Myklebust gjorde store framsteg frå tidlegare kampar.
655 tilskodarar såg kampen på Høddvoll.
Hødds lag: Moldskred, Eiksund Rogne, Eid, Aursnes, Hartmann (Værnes), Sylte (Haugland), Nevstad, Ørsal, Giske, Televik, Myklebust (Leira).
Siste saker:
|