skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Seks baklengs på to kampar

Aalesunds Fotballklubb gjekk på ein kjempesmell i 2.serierunde i helga. Mot Skeid innandørs i Valhall i Oslo blei det tap 4-1. Tor Hogne Aarøy var målskårar for AaFK rett før pause.

Publisert 19.04.2004 09:04. Oppdatert 19.04.2004 09:07.
AaFK har dermed seks baklengsmål på to kampar.

I første serierunde blei det siger 3-2 mot Haugesund på Kråmyra.

Men trass i seks baklengsmål på to kampar, avviser trenar
Ivar Morten Normark at laget har eit forsvarsproblem.

"Litt temperamentsfull"

Ivar Morten Normark
- Det er heile laget som forsvarar seg, seier Normark, og viser til at laget har erfarne spelarar over heile bana - men at desse må ta i bruk erfaringa si.

Men så mange baklengsmål kan ikkje halde fram, vedgår Normark, som var det han sjølv kallar "litt temperamentsfull" i pausen.

Då låg AaFK under med 3-1, og også i heimekampen i første serierunde lag AaFK under ved pause.

- Vi kan ikkje vere ukonsentrerte i starten av kampane, og må innstille oss på å jobbe for poenga, seier Normark.



Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM SUNNMØRE

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no