skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Skadeskote Hødd-lag tapte i Sandefjord

Dag Roar Ørsal
Foto:Arne Flatin
Dag Roar Ørsal Foto:Arne Flatin
Hødd hadde åtte mann på skadelista, og var sjanselause mot Sandefjord. Likevel tok Hødd frekt leiinga 1-0 på straffe etter at Tommy Sylte vart felt.

Av Arne Flatin. Publisert 13.04.2004 12:43.
Straffesparket sette Dag Roar Ørsal i mål, og Hødd leia ganske ufortent 1-0 ved pause. Sandefjord brente nemleg mange store sjansar og Hødd-keeper Lars Ivar Moldskred var både høgt og lågt.

Tre baklengs

Geir Televik. Ein av åtte som var ute. Foto:Arne Flatin
Hødd måtte gje etter for presset til slutt og Sandefjord scora tre mål dei siste 25 minutta av kampen. Hødd hadde tre juniorspelarar på benken. Ingen av desse er med i A-stallen. Heile åtte spelarar var ute på grunn av skade eller andre grunnar. Mest sakna nok Hødd Geir Televik. I tillegg er hurtigtoga Magnus Myklebust og Lars Roar Holstad skadd. Georg Aursnes var ikkje med fordi familien ventar sitt andre barn. Andre spelarar som var uaktuelle: Andre Skotheim, Mads Andre Værnes, Glenn Hartmann og Ronny Jørgensen.

Hødd håpar at fleire av desse åtte er klare til sesongpremieren på Høddvoll komande søndag mot Bryne. Jæren-laget tapte 1-0 heime for Mandalskameratene i går.

1. divisjon fotball menn måndag, 1. runde:
Sandefjord Hødd 3-1 (0-1)
Storstadion
2341 tilskodarar
Mål: 0-1 Dag Roar Ørsal (20), 1-1 Geir Ludvig Fevang (64), 2-1 Magne Sturød (74), 3-1 Fevang (83).
Dommar: Kim Rune Borgersen, Drafn.
Gult kort: Sindre Eid, Hødd.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM HØDD
Siste saker:
Flere saker: ALT OM SUNNMØRE

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no