Kristiansund Volleyballklubb kan ta julefeire som serieleiarar. I helga vann dei lett begge sine kampar, med 3-0 mot både Førde og Nyborg. KVBK toppar tabellen, med to poeng meir enn Tromsø.
Avgjer i Tromsø
Men Tromsø har ein kamp mindre spelt, og kan dermed kome likt i poeng med Kristiansund. KVBK-spelar Jon Grydeland trur grunnserien blir avgjort i bortekampen mot Tromsø.
-Det viktigaste er å bli nummer ein eller to og får arrangere den eine sluttspelkampen heime slik at vi får vist meir toppvolleyball i Kristiansund.
Kristiansund har vunne serien to av dei tre siste åra. I fjor blei dei nummer to. Men i år håper dei å vinne tilbake trona.
-Det er mogleg. Laget blir sjølvsagt svekka av at Iver Horrem reiser på nyåret. I tillegg kjem eg til å vere ein del borte. Det vil bli ei omstilling, men eg ser på det som ein sjanse for gutane å vise kva dei kan, seier Grydeland.