AaFK tapte 3-1 mot Stabæk i tippeligaoppgjeret på Nadderud søndag. Morten Moldskred ga AaFK leiinga i første omgang, men i andre omgang dominerte Stabæk og scora tre gongar.
AaFK spelte ein god første omgang og burde ha leia med meir enn eitt mål, seier trenar Ivar Morten Normark. I andre omgang slutta laget å spele fotball og då var laget sjanselaus mot Stabæk, meiner AaFK-trenaren.
Men Normark meiner laget har ein god sjanse til å klare seg i tippeligaen etter at Brann slo Tromsø 1-0. AaFK møter Bryne som allereie er klar for nedrykk til 1.divisjon medan Tromsø skal til Trondheim for å møte Rosenborg. Nedrykk er ingen katastrofe for AaFK, seier Normark.
Det så lenge svært bra ut for AaFK på Nadderud. Morten Moldskred scora i 27. minutt av kampen etter eit innlegg frå Tor Hogne Aarøy, og laget hadde fleire gode forsøk. Stabæk hadde ballen mest, men klarte ikkje å skape dei store sjansane.
I andre omgang fekk Stabæk meir og meir overtaket og i løpet av nokre få minutt hadde dei snudd kampen etter scoringar av Peter Sand og Martin Andresen, og la seinare på til 3-1 ved Samir Fazlagic.
Både Morten Molskred og Tor Hogne Aarøy har god tru på at AaFK skal klare brasane mot Bryne neste helg. Aarøy legg ikkje skjul på at han takkar Brann for hjelpa etter at Tromsø måtte gå poenglaus av Alfheim