skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Tøff skjebnekamp mot Stabæk

Aalesunds Fotballklubb får ein tøff jobb i skjebnekampen mot Stabæk på Nadderud stadion søndag. Midtbanespelar Frode Fagermo seier kampen blir ei utfordring for spelarane.


Publisert 24.10.2003 12:21.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Mykje står på spel

Det står veldig mykje på spel i kampen mot Stabæk, seier Fagermo, men han trur ikkje spelarane får panikk i ein så viktig kamp.
Stabæk ligg på tredjeplass i tippeligaen og er med i kampen om sølvet, medan Aalesund slåst for å unngå nedrykk.
Fagermo meiner AaFK etterkvart har fått god erfaring med å spele viktige kampar.

To formlag

Stabæk er i svært god form og slo sensasjonelt Rosenborg heile 6-1 på Lerkendal i siste serierunde, men det er fullt mogleg å slå Stabæk, trur Fagermo. Det er jo ein viss sjanse for at Stabæk er høgt oppe etter sigeren mot Rosenborg, og at laget derfor undervurderer AaFK, seier midtbaneslitaren. Mest sannsynleg er Stabæk skjerpa fordi laget må slå AaFK for å halde seg i sølvkampen, trur Fagermo.

Men det er to lag i medgang som møter kvarandre på Nadderud. AaFK har tre sigrar og ein uavgjort på dei siste fem kampane.

AaFK spelte uavgjort 1-1 mot Molde sist helg etter at Molde utlikna tre minutt på overtid. Det var nettopp Frode Fagermo som scora målet for AaFK på straffespark.

Kontringsfotball

I oppgjeret mellom Molde og Stabæk i vår blei det resultat og uavgjort 1-1 medan AaFK vann cupkampen mot Stabæk 4-2.
Og nettopp i cupkampen brukte AaFK ein resept som var effektiv, seier Fagermo: Effektiv kontringsfotball med hurtige Morten Moldskred på topp.

Fagermo trekkjer og ein parallell til kampen mot Bodø-Glimt som AaFK slo 2-0. Glimt var ein klar sølv-favoritt, men AaFK spelte defensivt og kompakt og fekk Glimt ut av spillestilen. Fagermo trur dette og blir resepten mot Stabæk på Nadderud


Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM SUNNMØRE

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no